mandag 22. oktober 2012

"Julemarked"

Også i år er vi inviterte til å ha eit lite JULEMARKED inne på den koselege kafeen Didriks på Nordfjordeid. Medlemmane er oppfordra til å komme med quiltar og julerelaterte varer som vi vil stille ut i kafelokalet for salg.

Difor minner vi no medlemmane våre om at det nærmar seg innlevering av produkta. Er du ikkje byrja å sy enno, er det på tide å gjere det snarast!! Det er ynskjeleg at vi leverer produkt som det "lyser" litt jul og julegåver av, og helst ikkje for mange småting. Litt større ting gjev eit flott blikkfang med det same ein kjem inn i kafeen!

Det er innlevering på neste klubbmøte 6.11 og du må merke tinga dine med same merkesystem som vi hadde på Låvemessa. Desse lappane vart sende ut i Sommarbrevet frå Torunn, treng du det sendt på nytt, må du kontakte henne.

Nydelege møblar i lokalet  gjer utstillinga vår litt høgtideleg!

Vi har fått frivillige som vil henge opp på kafeen, og vi kjem til å fylle på nye varer etter kvart som det vert utselt. 


Alle bilda er lånt frå bloggen til Anne Viken

Ingen kommentarer: