fredag 29. desember 2017

Julestemning på Hobbyrommet!

Rett før jul vart det ein liten visitt hos "Hobbyrommet" i Eidsgata.


Det er kanskje ikkje så mange som kjenner til denne vesle syverkstaden, men den er vel verdt eit besøk,.....når der er ope! Den vert driven av to medlemmer i klubben vår, Siv og Anne Marit, og har ope når tid og helse tillet det. Her er ei omtale dei lar lagt ut på Facebooksida si om seg sjølve:

Hobbyrommet ..kva er vi eigenteg ? Kort fortalt så er vi to damer i vår beste alder som sammen har laga oss eit kreativt fellesskap. Vi er like på den måten at vi har våre små helsemessige utfordringar i kvardagen, og vi "elskar" symaskinene våre. Vi er ingen butikk i vanleg forstand, og vi har difor ikkje vanlege opningstider . Vi har salgsutstilling, så du kan få kjøpe av våre lokalproduserte . Vi lagar forskjellig til nytte og hygge. Vi har også ein del løparar, puter, vesker, toalettvesker som er lokalprodusert av andre. Siv er JANOME forhandlar og har eit stort utval av symaskiner og symaskintilbehør , sytråd og maskinnåler. Ho har også bunadstoff , skjortelin , bunadband og tinnknappar.
I tillegg til dette kan du få kjøpt av "overskuddslageret" vårt: litt stoff, vatt, applikasjonsvlieseline og anna stabilisering, forsilke o.l.
Siv og Anne-Marit sit ofte å syr i lokala, men for å være sikker på å treffe den du vil, så ta en telefon eller send ei mld. Vi vil prøve å legge ut info på Hobbyrommet dei dagane vi er på plass, så følg med her .Ellers så står " ope" skiltet ute når vi er tilgjengelige.
Dersom du treng hjelp til å skifte glidelås, reparere, legge opp,ned ut eller inn, så kan vi formidle dette. Du leverer inn, hentar og betalar hos oss.


Nyt bilder av fine ting som er i butikken!! Siv har kjøpt seg maskina Silhouette Cameo som ho nyttar til å lage dekor på både glas, krus og kle, ho lagar utruleg mykje fint, så ta deg eit besøk dit ein dag. Men OBS! sjekk først om der er ope!!










Ingen kommentarer: