lørdag 2. april 2022

Ein utruleg flott dag er over!!

Så er Regionstreffet over og vi sit att med ei utruleg flott oppleving! Det same håper vi at alle våre gjester også har hatt.

Vi hadde ein draum om ei annleis utstilling, vi lufta den med medlemmane, for så å sende ein søknad til kyrkja om å bruke lokalet til utstilling. og vi fekk JA!!



Ei slik utstilling har truleg ikkje vore her i landet før, så vi var litt spente kor dette ville bli.

No i etterkant kan vi sjå tilbake på ei storstilt utstilling med heile 169 utstilte arbeid. 




Og vi som trudde at kyrkja var for stor for oss,...ja vi fekk knapt plass til publikum lengst framme i kyrkja. Her sat vi og fekk høyre på eit imponerande foredrag om kyrkjetekstilar av tekstilkunstnaren Eldrid Røyset Førde. Ho førte oss gjennom både histore og utvikling av dei ulike tekstilar som høyrer til i kyrkjer. Ho har designa og sydd ulike tekstilar til 6 kyrkjer og fortalde om både fargar, symbolikk og prosessen frå ide til ferdig produkt.




Vi hadde elles godt besøk i både kafe, lotteri og butikkar med quiltevarer i Kyrkjetunet.

Takk til alle som var innom oss på denne dagen, vi håper at vi kunne både inspirere med quiltane på utstillinga og at de fekk ei minnerik oppleving ved å sjå ei quilteutstilling på ein annleis måte!


Ingen kommentarer: