mandag 4. april 2022

Aprilmøte!

Så er vi i gang  med kvardagen igjen og det blir ny møtedag tysdag 5.4 på Stokkenes Gjestegard.

Denne dagen har vi "langdag" og dørene opnar kl 12. Kaffi/te heile dagen og litt restemat frå Regionstreffet ca kl 15/15.30.

Det er då høve å komme for å bruke dagen til å sy i  lag med andre. Du tek med deg symaskin og elles det du treng, strykejern/brett vert tilgjengelig. 

Tema for klubbmøtet som startar 18.30 denne gongen er FUGLAR, og her tenkjer vi fuglar i alle fargar og former og teknikkar. Her oppmodar vi medlemmane til å ta med det som dei har av quilta eller broderte ting og evt mønster dei har til dette temaet.

Til forige Regionstreff sydde vi eit flott fugleteppe til lotteriet og vi har mønsteret fremdeles. Til dei som vil sy slike blokker  før møtet,  må  ta med stoff til bakgrunn og mange restar til fuglekroppen.


Blokkene er sydd sammen av kutta remser/bitar. Eit liknande mønster finn du også mønster til  frå McCalls Quilting.

Vi har andre døme på liknande blokker der vi kan sy på papir, bilda under er henta frå Pinterest.






Om du har liknande mønster, så ta dei med. Det er elles lett å lage nokre av desse mønstera på rutepapir, forma er enkel og består av rektangel med hurtighjørner og trekantar!

Andre fuglar vi kan sy er småfuglar sydd over papp, fine til å henge i påskepynten! Ta med deg tynn papp, limstift, tynn bordvatt eller litt fyllvatt, noko til auger og bein og oppheng.

Bildet under er frå  den fine pynten ved kyrkja under Regionstreffet denne helga som var.



Vil du sy stitchery så har vi vårmotivet vårt som mange sydde for nokre år sidan:



....eller vil du sy ei påskehøne? Mange fine motiv å finne på Pinterest, berre å søke med orda Stitchery og td, birds, hen, easter mm. Du vil få flest treff med engelske ord.



Det vert elles vanleg klubbmøte frå kl 18.30-21.30:
  • Info frå styret med evaluering av Regionstreffet
  • Vi fortset med tema fuglar, syr og deler idear!
  • Vis og fortel
  • Matvertar Ingrid Nordal, Solfrid Norvik, Randi Røys og Ragnhild Sande.syter for noko til kaffipausen.


Velkommen!


Ingen kommentarer: