Libs Elliott syr i sjangeren "Moderne Quilt" og lagar mønster og flotte stoffkolleksjonar. Rebellquilten har stramme former og einsfarga stoff i mange kontraster. I mønsteret er det brukt 7 ulike fargar og dette brukte vi òg i våre arbeid.
Mali har også sydd mange quiltar i moderne stil etter Libs sine mønster og vi fekk sjå mange modellar! Alle bilda under her er Mali sine arbeid.
Rebel kan syast i ulike størrelser, her har Mali ein liten over, ca 50x50 cm og under ca 150 x 150 cm , begge har akkurat like blokker.
Mali hjelpe oss med å setje saman dei 7 fargane og forklarte oss godt korleis vi starte med quilten.
Og det var å kutte og kutte og kutte kvadrat i ulike storleikar! Litt travelt,..for vi ville no helst sy då, men slik er det alltid, ei god førebuing gjev også godt resultat.
Vi fekk også beskjed om å ta med oss papptallerkener!!?????? Til kva?? :)
Men vi har no lært at vi skal lytte til erfarne quiltarar, for dei som har sydd ein del, har også lært seg teknikker til å være effektive.
På kurset "Oldemorsruter" med Mona, brukte vi papirark til å legge kutta stoff på, Mali brukar papptallerkener.
Her blir fargar og stoffbiter sorterte i system etter mønsteret, for her kunne ei blokk heite A1, ei anna B7,....ja vi var litt forvirra i starten, men så lysna det for alle såg det ut til!!
Etter nokre timar med førebiung, så byrja vi å sjå ferdige blokker og etter kvart remser. Her brukte alle sine eigne fargevalg, så når det er 15 deltakarar på kurset, så er det kjekt å sjå alle flotte varianter i denne quilten med likt mønster!
Etter kvart som ein syr ferdig blokker, så pusler ein bitene på plass, her er det eit stort stoff som fungerer som "designvegg"!
Her er det valt ut eit utsnitt av mønsteret til å lage ein veggquilt. Stoffa her er skikkelig exclusive, ekte silke frå Kina!! Eit flott skin i dei vakre stoffa! Og ein god ide å berre ta eit utsnitt av blokkene på mønsteret for å lage ein slik quilt.
I løpet av veka etter kurset så dukka det opp fleire ferdig samansette quiltar på deltakarane sine Facebooksider/Instagram, har henta inn desse og lagt dei under her. Mulig det kjem fleire seinare, så følg med her.
Under her er bilder frå Mali si side:
Vi hadde sjølvsagt nydelig mat i pausane våre, Pizza og Kylling-meny, god gjærkringle fredag og gode kaker dei to andre dagane. Og ikkje minst, herlige sprø tørka epleringar som snacks!!
Takkar Mali for ei kjekk kurshelg, dette kurset anbefales til andre interesserte i moderne quilt!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar