tirsdag 4. desember 2018

Eit spennande kurs i vente!!

No må de berre glede dykk, for om litt over ein månad kan de bli med på eit spennande og kanskje annleis kurs enn vi har hatt før!


Helga 11. -13 januar 2019 inviterer vi til kurs i Moderne quiltedesign.

Kurshaldar er Mali Storli Engedal og ho vil holde kurs ut frå mønsteret "Rebell" frå den kjende tekstilkunstneren Elizabeth Elliott, også kjend som Libs Elliott.

I Quiltemagasinet 2/18 kan du lese om kunstnaren s 8-12, bilda i innlegget her er også henta frå dette bladet.  Elizabeth Elliott er godt kjend innan moderne quilt, i hennar design vert det moderne kombinert med klassiske teknikker og applikasjon.

Quiltane hennar er eit flott fargespel og er "grafiske", ofte kun i ensfarga stoff der spissar, trekanter og striper vert sydde i blokker og sett saman.

Du kan lese om Libs på www.libselliott.com

Bildet her er frå sida til Elizabeth.



Mali som er kurshaldar hos oss vil undervise oss med materiell/mønster som er utarbeida av Elizabeth.

Dette tapet er sydd av Mali.

Mali er ein erfaren quiltar innan moderne former og i mai i år hadde ho foredrag i Trondheim Quiltelag, HER kan du lese meir om dette foredraget og sjå meir bilder!

Det blir info og  påmelding til kurset på møtet i dag, og for dei som ikkje kjem på møtet, så er frist for påmelding 16. desember til Ingun. Om du treng meir info, så må du kontakte  kursleiar Ingun!

Oppdatering 5.des!
Det er allereie påmeldt 11 stk. til kurset, så om du vil sikre deg plass må du kontakte Ingun snarast!! Tlf 99482474

Oppdatering 8. des:
Mønster til Rebell quilt, og vi har fått kode for tilbud på pdf-mønster!! Mønsteret kjøper du i kanadiske dollar og med koden så koster det ca 60 norske kr.
Du finn mønsteret på heimesida til Elisabeth:
HER kjem du rett til nettbutikken

Du klikker på pdf mønster, legg inn namnet ditt og epost, kredittkortnr og under feltet DISCOUNT som ligg på høgre side i bildet, skriv du SUNSHINE. Då får du 1,50 dollar i avslag.

Så snart du har betalt, så begynner systemet å gjere klart for nedlasting, og om litt så kan du trykke på DOWNLOAD og du får 14 sider mønster!!  Lykke til!

Ingen kommentarer: