lørdag 1. desember 2018

1. desember!

Folkens! Det er blitt Desember og den alvorlege julestria med mange gjeremål står for døra!!

Mange tenkjer "løp og kjøp", men vi som har såååå mykje stoff liggandes i hyller og skuffer,....vi må då kunne bruke nokre få bitar til å glede andre???

I år slår vi eit slag for heimelaga julekort! Det skal ikkje så mykje til for at det ser ut som eit kort, men det er opp til deg kor avansert du vil være. Alt frå det finaste broderi til det enkle med eitt stoff som er påsydd noko enkelt,...det er er berre å prøve!

Og tenk på at det vesle du lagar og sender til ein god venn, det kan blir ein liten juleskatt som vedkomande vil ta fram år etter år, kanskje setje i ei ramme eller henge i ei fin grein eller på juletreet!

Skal prøve så godt eg kan å inspirere dåkke her på bloggen kvar dag, så følg med!! Som regel er her  ikkje mønster, kun til inspirasjon!

Førjulshelsing frå 
Mariann
-leiar i NLQ-

(bilde frå Pinterest )

Ingen kommentarer: