mandag 2. juni 2014

Sommaravslutning!

Det er juni og sommaren er komen til Nordfjord for lenge sidan! Veret er berre så nydeleg at det er sikkert mange som har fått sy ute også!!

Tysdag 3.6 er det tid for møte med sommaravslutning på Stokkenes Gjestegard. Det vert god mat og om fineveret fortset, så kan vi også vere ute.

Vi håpar at mange har med seg noko til "Vis og fortel", dette er kjekk inspirasjon til kvarandre no når vi har ein lang sommar til å sy på!!!

Vi har laga til eit opplegg for ein liten sommarleg aktivitet som er så enkel at alle får dette til, ei ROSE. Du treng å ha med deg dette:


  • Eit tynt bomullsstoff i ein sommarleg farge, gjerne einsfarga. 20 x 20 cm. 
  • "Fast-to-fuse" eller tynn papp, 10 x 10 cm
  • Blyant, saks til stoff og papir, og kanskje ein passar.
  • Nål og tråd, og ein liten fin pynteknapp eller ei perle som kan passe til (rosa blir under 10 cm i diameter)
  • Klyper til å holde fast med
  • Lim, "Roxanne"-lim er fin til dette!

Velkommen til ein triveleg sommarkveld!

Ingen kommentarer: