lørdag 21. juni 2014

Virka på Island!

For dei som ikkje kjenner til namnet Virka, så er dette Nord-Europas største stoffbutikk. Og den ligg ikkje sentralt plassert i Europa, men på ISLAND!!!

To av medlemmane våre, Laila og Synnøve, var på ein tur til Island i mai, og fekk høve til ein tur innom denne butikken. Det må nemnast at målet var ikkje denne butikken, men desse to fekk "fri" to timar frå reisefølgjet til å besøkje denne butikken som vi har høyrt ein del om. Og dei kunne trygt konstatere: 2 timar er ikkje nok, dei kunne brukt 2 DAGAR!!


Butikken var full av quiltar, og ALT var sydd av innehavaren Gudfinna Helgadottir!!



Laila har skrive eit lite reisebrev om turen:


"Virka,  adr; Mørkin 3, 108 Reykjavik,
Innhaver heiter Gudfinna Helgadottir.

Eg presenterte oss og fortalde at vi hadde høyrt at dette var Nord-Europas største stoff/quiltebutikk.
Spurde om vi kunne få lov å ta bilder og legge dei ut på bloggen, og det var bare godviljeJ
Vi var imponert over både utvalget og ikkje minst utstillingane som var svært godt gjennomførte.
Der var mykje stoff til å sy klær med også, og det fall jo Synnøve forJ, sidan ho syr ein del klær.
Vi hadde 2 timer der, men eg kunne gjerne hatt 2 dager, for der var noko i kvar ein krok.
For oss hadde  butikken ein  ”Amerikansk look”, etter sånn som vi gjerne ser i Amerikanske bøker og quilteblad, men iflg. innhaveren brukar no Amerikanarane mykje lysare og sterkare fargar, så ho sa at det var slik quiltarane på Island gjerne ville ha det.
Eg har høyrt at denne butikken er så stor sidan den Amerikanske militærbasen låg i nærleiken.
Den er no nedlagt (2006) (gjort om blant anna til hotell som vi budde på), slik at no er der jo ikkje lenger  amerikanske militærfruer på Island.
Godt gjort då at butikken fortsatt er i full drift, eg talde iallefall 4 tilsette i tillegg til ho sjølv og mannen, den laurdagen vi var der."

Nyt bilda og sjå alt det flotte som Gudfinna har sydd!! Laila har også skrive om turen på bloggen sin, TirilSol.




 3 bæreposar med stoff,.....det vart nok litt handel på dei to timane!
Virka har også Facebookside!
Takk for Interessant reisebrev frå nabolandet vårt!

OPPDATERING kl 15.30
Eldrid Røyset Førde har kommentert på Facebooksida vår, der har ho også lagt ut link til eit innlegg om Virka som ho besøkte i fjor.
Her er linken: Eldrid sin blogg