Over halve klubben har meldt seg på til arrangementet komande laurdag og søndag, så dette skal bli ei flott markering av at vi er heile 20 år!!
Turmålet vårt er som kjent heilt vest i Nordfjord, til Vedvik som er ei perle heilt ute ved storhavet.
Klikk på bildet så ser du det i større format. Bildet er lånt frå www.vivest.no, her finn du også andre fine bilder frå Vågsøy kommune.
Her ute bur også nokre av medlemmane våre, dei har vore gode hjelparar i planlegginga.
Det er sendt ut info på epost til alle medlemmane, så les den no om du ikkje har gjort det. Der finn du også info om kva du må ha med deg til kurset som Randi Røys skal holde for oss!
Då gleder vi oss til ei helg med sying, god mat, god prat og flotte opplevinger i ein storslått natur. Vi får be vergudane om sommarver, då kan det kanskje bli litt bading også??
Mange vakre småstrender med kvit sand i Vedvik!
Velkommen til ei festhelg!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar