søndag 20. september 2026

På tur i regnveret!

Laurdag 19.september var dagen for ein medlemstur. 

Ikkje heilt ein blåtur, for alle visste om målet, vi får kanskje kalle det ein GRÅTUR, for her på Vestlandet var det regn som ausa ned og fare for både flaum og ras!! Men turen vår gjekk som planlagt til Førde og butikken "Trapp ned" der Marit tok imot oss og hadde forlenga åpningstid.


Bildet av butikken er lånt frå butikken si Facebookside, og som de les, så hadde vi eit heilt anna ver enn det som er på bildet!!


Marit har drive butikk med stoff i mange år, og den er fyllt av mange inspirerande modellar. Utvalget i stoff er stort og variert, og har både nye stoff og stoff frå mange tidlegare kolleksjonar. Så her kan vi plutselig finne ein bit av akkurat det eine stoffet som vi treng!

Bilda viser litt av både modellar og stoff,  og sjølve lokalet er med på å danne denne koselige butikken.












I eine hjørnet av butikken er alle julestoffa samla og i vindauget ut mot gata finn vi mange små Tildakaniner, fint pynta med kjolar i småblomstra stoff. Mønster ligg gratis på Tilda si side, og lurt å forstørre opp mønsteret litt pga. små delar på originalen.













                                                        Fine mus frå boka "Tildas jul".

Butikken har også eit lokale som er brukt både til kurs og møte i quiltelaget , her fekk vi ein koselig kaffipause rundt langbordet og vi kunne nyte all pynten på veggane i det nydelige lokalet. 









Vi takkar Marit for ein triveleg dag i butikken, og vi reiste heim med mange idear, sytips om både quilting, info om bruken av ulike vatttsortar og saum av både kle og praktiske bruksting.

Tek også med at ho har pr. no nokre få ledige plassar på Collagekurs med Elisabeth Juul Andersen 12.-14. februar neste år. Kontakt butikken om du er interessert!





Ingen kommentarer: