onsdag 7. desember 2016

7. desember!

Dagens juletre er skikkelig "ferskvare"! Etter eit koselig julemøte i klubben vår i går kveld med heile 37 medlemmar frammøtte, så avslutta underteikna kvelden med litt surfing ute på det rikholdige "quiltenettet"!!

Og sjå kva som dukka opp!! June Enerstad som mange av oss møtte då vi hadde Vestlandstreff i 2015, har lagt ut denne veldig enkle, men dekorative Mug-rug med stilisert juletre!

June har sida "Syskolen" der ho som representant for Bernina, deler mange gode tips.


Mange quiltarar har kanskje også overlockmaskin, og her har ho brukt sjølve saumen som dekorasjon i lag med stoffa. Teknikken kan nok også brukast med saumar som finst på vanlege symaskiner, men kan då ikkje strekkjast ut på same måten som June viser i videoen ho har laga.


Du kan også oppnå nesten same effekt med ein annan teknikk. June sin mug-rug er ferdig med vatt og bakside i ein operasjon, det same lærte medlemmane våre på eit kurs med Ann Karin Myren i 2009. Kurset heitte "Vendbare løpere" og kort fortalt laga vi bitar, ferdig vattert og med bakside, desse la vi "kant-i-kant" og sydde saman med brei siksak-saum.


Takk til June for tipset, og besøk gjerne sida hennar for å sjå fleire tips!!

Ingen kommentarer: