tirsdag 9. desember 2014

9. desembersydag!

Har du planer om gåve, så kan du gje gåva som ei gåve!!

Berrre sjå på bildet under her, så ser du gåva, men denne gåva inneheld kanskje ei gåve også! Litt kryptisk dette, men denne vesle quilten er laga som ei lita bok som kan opnast. Inni er det lommer som du kan legge oppi enten pengar eller eit gåvekort!



Storleiken er ca 4,5 inch ferdig mål, og mønster på den finn du gratis HER!

Det er på sida til QuiltSoup mønsteret er frå, vi takkar  så mykje for slike kjekke mønster! Denne vesle quilten er også så passeleg stor at den kan du henge i juletreet i lag med dei 8 andre "julefigurane" frå adventskalendaren!
Om du vil slå til og sy eit heilt teppe i denne serien, så har dei også designa eit stort teppe med gåvemotiv. "Hip holidays" heiter det, og du finn gratis mønster HER!

Lykke til med årets julegåver!

Ingen kommentarer: