fredag 1. juli 2011

"Blåkurs" med Magnhild Tautra

Blåturkomiteen hadde noko BLÅTT på lur, vi visste det var eit kurs, men ikkje kva! Magnhild Tautra hadde teke på seg å vise oss noko med handsaum, og ho hadde laga til 2 spennande prosjekt.


Stofforigami kan vi kalle dette, ei form for japansk bretteteknikk. Vi hadde fått beskjed om å ta med oss vrangsydde lappar etter eit visst mål, og her er det vi fekk til. Ser innvikla ut, men ikkje vanskeleg når vi forstod det heile!Frå denne boka er teknikken henta. Store blomster, eller kjempe Yo-Yo!





Enkelt å lage og effektfullt med mange i lag.






Flotte lokaler i skulen i Tresfjord! Her møtte vi 7 quiltedamer frå Vestnes! Vi hadde også "Vis og fotell" for kvarandre, det kjem i eit anna innlegg.




Magnhild hgadde laga dette teppet og eit anna med 4 x 5 blokker, dekorativt! (Bildet kjem seinare)


2 kommentarer:

Magnhild sa...

Hei og takk for sist, det var kjempekjekt å få vere i lag med så mange dyktige og trivelige lappedamer! Stor stas at de hadde med dokke så mykje fint til felles vis og fortell!
Vil berre legge til at eg held ikkje "kurs" men tips og erfaringar deler eg gjerne.
Helsing Magnhild

Inger Anne sa...

Takk for sist, en inspirerende og utrolig hyggelig dag.