onsdag 13. desember 2023

13. desember

 Vi fortset med sekskanter i dag!


Her er det laga pynt til juletreet, eller du kan bruke det til vindusdekorasjon.
Den er sydd for hand over tynn papp. 
Sjå tidlegare innlegg i årets adventskalender ( 2. og 5. des) om korleis du syr over papp.

Du har fleire val:

Lag den lik på begge sider eller ha eit heilt motivstoff på baksida.
Lage den heilt flat eller fylle den med litt vatt så den blir litt fyldig.


Du treng til sammen 4 sekskanter, ein i midten og 3 som du deler og brukar rundt.




Slik kan du tegne din egen modell om du har rutepapir. Eller ta fram att geometrien du lærte på skulen!

Her er ein video som viser korleis du konstruerer ein sekskant med passar, du vel storleiken sjølv!

Regulær sekskant, s = 4 cm (Passer) - YouTube

Ingen kommentarer: