fredag 1. desember 2023

1. desember!

 Velkommen til årets adventskalender! 

Bloggredaktør tykkjer det er kjekt å lage til slik kalender der det vert delt mange tips til syaktivitetar. Dei aller fleste tipsa er henta frå Pinterest og er som regel utan fyldig beskrivelse av framgangsmåten. 

Linken til alle innlegga her ligg på Facebooksida vår, og her må de gjerne dele kommentarer og bilder om de lagar noko av tipsa! Veldig kjekt når lesarar engasjerer seg, både medlemmer og gjester.

Om de vil sjå fleire tips, så kan de sjå på tidlegare adventskalendarar, trur dette er 5. gongen det vert laga ein slik serie! (Må kanskje sjekke talet). Sjå under "Etiketter" som ligg på høgresida her, klikk på "advent" eller "advent22". Du kan også sjå på innlegga under Desember for dei tidlegare åra.

Så til dagens tips, fine Kristtornblad du kan lage av filt eller vanleg bomullsstoff som du stivar opp med Vliselin. Fint å bruke til pynt på ein lysestake eller i ei julehelsing til nokon  i ein konvolutt!


Lykke til!


Ingen kommentarer: