fredag 7. desember 2018

4 gode syvenner!

I lokalavisa "Fjordabladet" var det i dag ein stor artikkel om 4 av våre medlemmer i klubben. Dei kosar seg i lag og treffes ofte utanom møta våre. Her kan du lese artikkelen om dei, skriven av redaktør Ingebjørg N. Stokkenes.

Fire fargeglade damer med felles syglede


Dei møtast heime hos kvarandre til felles syhelger. – Vi fann ein felles interesse, og så er det supersosialt å møtast slik, smiler dei fire blide damene.
Denne gongen møtast dei heime hos Gitte Lefdal i Leivdalen – i eit julepynta hus. Her troppar Aslaug Berget Alsaker, Linda Honningsvåg og Synnøve Oddny Torheim opp med symaskinene sine under armane.
– Det er moro å få bruke kreativiteten, og så ser ein resultatet når ein skjer og syr i hop stoffet, seier Aslaug, før symaskina durar vidare i veg.

Byter på

I tre år har dei møttest slik – i rykk og napp. Dei har også hatt syhelg på Gol.
– Vi byter på kven syhelgene er hos, og så prøvar vi også å treffast på kveldar innimellom, fortel dei.
– Det vert reine symaraton. Når vi har syhelg så syr vi på dagen, og har god mat og drikke på kvelden, fastslår Synnøve. Dei er alle med i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb, og ideen om syhelger kom opp etter ei samling på Hjelle skule.
– Vi fann ut at vi kunne vere heime med kvarandre, fortel dei.
Og når ein møtast slik over symaskina ved langbordet er det mykje drodling og løysing av verdsproblem ein får unna.


Stoffgal

Dei påstår dei ikkje er utstyrsfanatikarar, men innrømmer at pengane kan gå fort når ein er stoffgal.
– Men vi prøver å låne utstyr av kvarandre, slik som spesielle linjalar vi må bruke, seier dei.
Og når mannfolka gjerne har alt av utstyr i garasjen eller verkstaden sin, er syromma til desse damene minst like innhaldsrike.
– Men ein treng ikkje kjøpe av dei dyraste symaskinene. Ein klarer eg fint med ei heilt enkel maskin som har dei saumane ein nyttar mest. Så kan ein heller ønskje seg dyrare broderimaskiner etter kvart, påpeikar damene.
– Eg kjøpte mi første symaskin av konfirmasjonspengane mine, og eg har den ståande framleis, fortel Synnøve.

Ulike maskiner

– Eg har alltid quilta for hand, om du vil ha maskin som gjer jobben må ein opp i storleik, men ein kan fint klare sy enkle ting med mindre maskiner, seier Gitte, som har ny maskin på si ønskjeliste.
Damene ramsar opp ulike maskiner dei har; kursmaskin, reisemaskin, broderimaskin.

– Men ein kan sy med ei heilt vanleg maskin, seier Synnøve, som også syr kle.
– Det er akkurat som med bil, ein kjøper ikkje det største og dyraste med ein gong. Ein må spare ei stund. Alt til si tid, smiler Aslaug, som har investert i ei maskin til 50.000 kroner.
Dei er samde om at det ikkje er problem å bruke pengane på mykje utstyr til hobbyen, men at ein ikkje treng å gjere det.
– Men vi blir lett hekta på stoff og sytilbehøyr, seier Synnøve. Dei påpeikar at dei gjerne byter stoff og utstyr med kvarandre. Dei har alle knappedilla, og hiv ingenting som ken brukast i eit syprosjekt.

Trimmar lattermusklane

Også Linda blei biten av basillen, og er med i gjengen.
– Dette er veldig trivelege og kjekke damer, fastslår ho, som meiner ho ikkje er så veldig til å sy sjølv, men at ho har noko å strekkje seg etter.
– Og så får vi trimma lattermusklane når vi møtast, seier Synnøve.
Linda og Synnøve deler også hageinteressa, og har titt tema å snakke om der.
Linda syr mykje stichery – småbroderi.
– Det er best å sy småting som eg kan få i mål, smiler ho.
Synnøve presiserer at ho likar best å sy med maskin, medan Gitte synest det er kjekt å sy slumretepper, og noko som går litt fort.
– Det er berre fantasien som set ein stoppar for kva vi kan lage, seier Aslaug.

Jul heile året

No er jula like rundt hjørnet, men desse damene tenkjer jul heile året.
– Skal vi bli ferdig med juletinga så må ein begynne i januar med å sy. Vi syr til jul heile året, fastslår dei.
Ein skulle kanskje tru at desse syglade damene hadde fullt av sydde løparar, veggbilde og anna fylt opp i heimane. Men dette avviser dei.
– Det vert ein heil del gåver til dei vi veit likar slikt, og så blir det mykje basargevinstar eller vi sel til dei som vil kjøpe. Og har eg ein løper liggande på bordet så forsvinn den til ein kvann etter kort tid, smiler Gitte og syvenninnene.
(beklager det lange smale innlegget, men det vart berre slik ved kopiering av e-avis! Bloggredaktør)


Ingen kommentarer: