fredag 25. mars 2016

Kaffiposevesker!

På Vestlandet har vi grå påske med ein del regn, snart mykje vind og tunge skyer, likevel kjem det litt solglimt innimellom til trøst.

For mange er dette innever,  (vi quiltarar kallar dette flott syvèr!!) men vi kosar oss med god mat og drikke. Kaffi er på menyen hos mange, og om du no har huset fullt av gjester, så er det berre å lage kaffi i lange baner! Men ikkje kast kaffiposane, gjenbruk er IN og du kan lage flotte vesker i ulike fargar alt etter kva sort kaffi du kjøper.


Denne veska er sydd av Lisbet Pedersen og på bloggen sin forklarer ho litt om framgangsmåten.



På bloggen Sy om att er det lagt ut ein detaljert framgangsmåte av korleis ein syr denne veska. Har du over 30 kaffiposar, så er det berre å setje i gang!



Denne veska er sydd av Bergfruas lapper, der er det også lagt ut ein framgangsmåte.


På bloggen til Guro Eriksen er det mange bilder frå eit "kaffiposeveskekurs" i regi av Sola Husflidslag.

 På bloggen til Helles Univers finn du desse flotte veskene. Over her er det Kjeldsberg kaffi, flott gul farge!


På bloggen til Trines Hobby kan du lese meir om desse flotte veskene!

Kjøkkenskriveren har laga Ali-kaffi-vesker!

Vil du sjå fleire bilder av slike vesker, så ligg det mange når du søkjer på Google.
Det er også ei Pinterest-side med nokre bilder av vesker mm.

Som du ser så bør du heretter kjøpe kaffien din etter utsjånad og ikkje etter smak,.....iallefall til du har fått sydd den veska du vil ha. du kan også bruke andre plastartiklar som du kan sy gjennom, det kan være både posar til chips, peanøtter og sjokolade, men også handleposar av litt solid kvalitet.

God påske vidare og lykke til med kaffidrikkinga!!

Ingen kommentarer: