I samband med årsmøtet vårt i mars, hadde vi kurs med Kari Renolen. Her lærte vi om Decoupage på stoff og fekk mang gode tips om teknikken og korleis vi byggjer opp eit nytt motiv. Vi såg at det var lurt å ha godt utval av servietter, for ein liten fargeklatt kan gjere "underverk" inne på eit motiv. Sjå td. Kari sitt bilde under her med elefantar og ei raud valmue!
Under her er kursdeltakarane sine arbeid.
Kari sine modellar, bilder og vesker!
Her er ei fin løysing på korleis ein fester skulderreima.
Her er veskemodellen til Kari, klar til å syast saman i botn og sider.
Då søndagen var omme, var det mange flotte og ferdige vesker å sjå!
Denne veska over her er Kari sin modell.
Takk til Kari for eit flott kurs!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar