lørdag 20. oktober 2018

Bilder frå Vestlandstreffet!

Medlem Janne var på Vestlandstreffet forrige helg og har sendt oss mange bilder frå både kurs , utstilling og frå foredrag,  Tusen takk for at ho deler litt av opplevinga derifrå, og som alltid så er slike treff til stor inspirasjon!


Vestlandstreffet har vore eit årleg treff (med få unntak) i over 20 år der quiltarar har samlast til kurs, butikksalg, utstillingar og foredrag. I år var treffet arrangert av Egersund og Jæren quiltelag, og det viser seg at det er ingen som har teke på seg å arrangere verken neste år eller seinare. Opp gjennom åra har vi hatt arrangørar over heile Vestlandet, heilt frå Molde i nord og til Jæren i sør i år.

Det er oppretta ei lukka gruppe på Facebook der alle leiarar i laga på Vestlandet er med, ildsjelene Åsta Martine Helena Desire Øvretveit og Mona Bauge er med, repr frå arrangøren i år og Berit Boye frå Norsk Quilteforbund. Alle desse prøver å påvirke lag på Vestlandet til å arrangere treff i åra framover. Kor stort og korleis ein i framtida skal arrangere, er truleg noko som kvar arrangør må få lov å bestemme. Det skal jobbast litt med vedtektene slik at der ikkje er noko som hindrar lag i å arrangere, heller slik at ein blir freista til å ha eit slikt arrangement!

Tida vil vise om det blir noko, her kan du kose deg med Janne sine bilder, fleire bilder finn du på arrangøren si Facebookside (link lenger oppe).

 Her hadde dei god mat på hotellet ser det ut til!!





























 Sjå på denne nydelige quiltinga!!!














Ingen kommentarer: