fredag 2. desember 2022

2. desember!

 Så er det rett på med juleaktiviteter for oss som likar å pusle på med noko heile tida! Enkle ting er ofte like vakre som dei meir avanserte, så i dag er det ei enkel stjerne du kan lage av alle sortar stoff!


Bilde frå Pinterest!

Trender i tiden er grove stoff, gjerne ull, i naturfargar. Og gjenbruk er endå viktigare, så ta ein tur i kleskap og skuffer og sjå kva du finn! Kanskje kan du bruke ei gammal bukse eller eit ullskjerf??

Legg gjerne ut bilder på kommentarfeltet på FB-sida om du lagar noko eller vil dele fleire idear!


Mal du kan bruke! Kopier bildet inn i word og lag den så stor du ynskjer. Eller......leit fram pepperkakeformene dine og tegne rundt ei som passar!!



Eit tips til slutt: Treng du fleire adventstips, så gå inn på innlegga som eg laga i adventstida i fjor. 


Der kunne du finne innlegg frå same datoar frå dei 5 åra 2014-2018. Kjem ikkje til å legge ut linkane her i år, men sjå på Bloggarkiv på høgresida på bloggen, velg 2021 og desember, der finn du heile rekkja!


Ingen kommentarer: