søndag 3. februar 2019

Velkommen til quiltemøte!

Tysdag 5. februar er det igjen tid for å møtast!!

To tema på møtet:

  • Torunn vil vise tips til montering av store quiltar. Ho har med eksempel på dobbelsidig quilt og samansying av ferdige blokker. Vi har hatt kurs med Hilde Framnes då vi sydde "Dobbelsidig weekend", ein flott måte å sy på, dette vil Torun vise og forklare. Vi ynskjer også at dei som har quiltar i denne teknikken, tek dei med på møtet. 


  • Denne gongen har vi tenkt å ha fokus på NÅLEPUTER!  Janne vil ta med seg samlinga si, og kor mange ho har, gjenstår å sjå,.....men ho sa MANGE!!!! Trur dei har litt historie også!!!


Bildet er frå Sybutikken Primula design


Vi oppfordrar også medlemmane til å ta med seg sine så vi kan lage ei stor utstilling!

Vi hadde nåleputeutstilling for nokre år sidan, januar 2010, HER kan du sjå innlegget. Det var veldig kjekt å sjå alle vartiantane, nye og gamle i ulike teknikker.  Og her kan ein finne mange tips til å lage fleire, for  slike passar også fint å gje bort til venninnegåver.



Modell frå boka til Anne Pia G Rasmussen

Som vanleg vert det:
  • Lotteri
  • Vis og fortel
  • Sybutikken Primula Design med butikk, og kanskje kjempegode tilbod frå dagens "Solfest" i butikken!!

Ta med deg det du syr på akkurat no og vær
Velkommen til møte!




Ingen kommentarer: