lørdag 11. mai 2024

Besøk hos Fantasi på Sandane!

Eit lite reisebrev frå medlem Mariann:

Når ein har eit ærend på Sandane i nabokommunen, kan ein ikkje la være å besøke butikken Fantasi.

I utgangspunktet tenkjer eg på at dette er ein quiltebutikk, men den er også mykje meir. Her finn ein stort utval av alt utstyr ein kan trenge til Scrapbooking, og dei som jobbar der har erfaring og kan gje gode råd. 

Her er også ei avdeling med både strikkegarn og broderi, så her kan alle kreative finne noko å supplere med!

Eg får alltid ein god og lang prat med den som jobbar i butikken, og får då også lov til å ta bilder i quilteavdelinga. 

Denne gongen vart eg merksam på stoff i glade fargar, og det var det rikeleg av. Berre sjå på bildet under av reolen med stoff frå Tula Pink.









...og sjå desse sommarlege stoffa!!



Flott serie frå Tim Holtz


Butikken har stort utval i "Layer cakes" i mange størrelsar, spesielt mykje av 5 og 2,5 inch!





Mange fine ferdige modellar finn ein i hyller og på stativ!



I slutten av september arrangerer butikken syhelg. her er begrensa tal på plassar, men er ope for alle, så det er berre å melde seg på!!



Takk for ei kjekk stund på butikken!
Helsing Mariann L. Hatlenes


Ingen kommentarer: