onsdag 4. januar 2012

"Skatter fra restekassen"


Det nærmar seg årets første kurs, 27. - 29. januar vert det "Skatter fra restekassen" ved Nancy Eriksen. Dette ser ut til å bli eit kjekt kurs der vi får lære teknikk til tradisjonelle blokker, for så å setje dei saman til teppe med flott mønster. Dei tradisjonelle blokkene går aldri av moten, og som reklamen seier,"det enkle er det beste", gjeld også i quilteland! For det er valet av fargar som gjer utslaget, og på eit slikt kurs med mange som syr det same, får vi sikkert sjå kva effekt dei ulike fargane skaper. Bildet under er eit fargerikt resteteppe, men du står nok fritt til å velje berre få fargar og rolige fargar. Så den som kjem, får sjå!

Etter siste oppsummering av påmelde i går, så har vi ledig eit par plassar. Vil du vere med, så meld deg på fort! Kontakt Siv på 91531479. For som vanleg når vi har noko ledig plass på kurs, så opnar vi opp for "ikkje-medlemmar" om noko er ledig.

1 kommentar:

BenteOO sa...

Skulle gjerne vore på dei kantar den helga! Sette saman ulike igangsette prosjekt - det kunne ha vore noko det!