søndag 22. september 2013

Avisomtale


Det er kjekt å sjå at Drivhusmessa vår vart lagt merke til. Bilen stod parkert nær hovudgata i Nordfjordeid, og det var nok mange som fekk seg ein god latter av vår "heimesydde bil". 

Avisa Fjordenes Tidende var der også, og med overskrifta i avisa "Her ser du ein heimesydd bil" så fann ein dette innlegget ( kopiert frå nettsida til Fjt) no nyleg:



Nordfjord Lappe- og Quilteklubb vart lagt ekstra godt merke til med sin «quiltebil» på Eidamessa sist helg.
– Ja, vi meinte at dette måtte vi ha, smiler Laila Utnes Piel.
Ho er ein av 54 medlemmer i quilteklubben som hadde salsmesse under Eidamessa.
– Det var Ingunn på Primula Design som ringde meg og spurte om eg hadde ein bil som vi kunne kle inn. Eg tenkte då ein liten leikebil, men nei da. Det skulle vere ein vanleg bil, ler ho.
Quilteklubben fekk dermed låne eit vrak frå Stårheim bilverkstad.
– Vi i klubben snakka om at vi måtte reise på blåtur i den først, ler Haldis Lindset Nesbakk og legg til at klubben har fått ein del kommentarar på bilen dei hadde stilt ut.
Klubben, som dei siste to åra har hatt låvemesse i Leivdalen hadde flytta messa til drivhuset i Hildenes Gartneri.
– Vi har hatt mykje folk innom og det verkar som folk kosar seg, seier Haldis Lindset Nesbakk.

Ingen kommentarer: