søndag 7. mars 2010

NLQ 2010

Denne helga er ei av våre STORE helger i løpet av året. Det er årsmøte og årsmøtekurs. Og av erfaring veit vi at medlemmane set pris på denne måten vi arrangerer helga på. På tradisjonsvis startar vi laurdagen med ein god frukost på hotellet, i år gjekk vi til 4 flotte dekka "Rundebord" med plass til mange, og vi var mange som klarte å stille opp kl 8.30! Bra damer!

Årsmøtet vårt vart avvikla med like godt frammøte. Dei vanlege årsmøtesakene går som regel fort unna, då er det veldig kjekt at medlemmane er aktive i diskusjonen som gjeld drifta av klubben, både innan økonomi og i kva vi skal gjere. Utan slike aktive medlemmer vert vi ikkje ein tiltrekkande klubb, så takk for alle gode innspel, meiningar og avgjerder.

Nemner nokre av sakene vi gjorde vedtak om:

  • Ein ynskjer at klubben sponsar litt økonomisk dei som ynskjer å reise på Nordisk Quiltetreff i Ålborg, Danmark i mai 2012 (HER er link til treffet som var i Gøteborg i fjor).

  • Vi legg inn søknad om å arrangere Vestlandstreff i 2012.

  • Vi permitterer Fjordalappen i eitt år og prøver å bruke kun denne bloggen og utsending av epost med møte- og arbeidslister. Dei av medlemmane som ikkje er på internett, skal få tilsendt info på papir. Ein i styret har framleis ansvar for å utarbeide arbeidslister(mat ol.), og å gje klubbinfo til bloggen. Og framleis oppfordrar vi medlemmene til å komme med tips/ynskjer til tema på bloggen!!!!

Og så vart det litt endringar i styret:

  • Leiar Inger Lise Strand hadde sagt frå seg vervet, men hadde sagt ja til å vere styremedlem. No tek ho truleg på seg leiarvervet eitt år til. Takk for at du stiller opp igjen Inger Lise!!!

  • Sekretær SivSmørdal og styremedlem/avisredaktør Signy Alise K Halle går ut av styret, inn kjem Torunn F. Utnes og Inger K Starheim
  • Vi takkar dei som går ut av styret for ein flott arbeidsinnsats i vervet sitt og er glade for at to nye vil stille opp og gjere ein jobb for klubben vår!

I skrivande stund er årsmøtekurset med Mia Øberg i full gang, over 20 medlemmar kosar seg med hennar "Smarta remsor og fiffiga trianglar".

Bildet er henta frå Mias blogg, den finn du her.

1 kommentar:

Lappetausa sa...

Takkar for dette innlegget, og for samver på kurset laurdag! Eg tregar litt på at eg ikkje fekk med meg årsmøtet, for det er alltid interessant, men no er eg komt i den stillinga at eg må prioritere hardt kva eg gjer på fritida mi, helsa må kome først! Tykkjer det er eit godt steg i rett retning med oppdateringar på blogg og email i staden for papir-avisa, som også har vore ekstra forpliktande for dei som har hatt ansvaret. "Eidaklubben" er ein veldig kjekk klubb å ha tilknytning til, eg kjem liksom litt "heim" når eg kjem dit, så kanskje eg må halde fram som medlem endå, sjøllv om eg ikkje har så mange ærend til Eid no som tidlegare. Veldig godt jobba, de som er i styret!!!