onsdag 20. desember 2023

20. desember

 Dagens tips er eit julet5re sydd av stoff frå restekassa.


På sida til Debsdays finn du heile framgangsmåten.

Då eg søkte opp sida dukka det opp ei lita overrasking, for sida hennar inneheld ulike ting av både sying og anna. 

Ein tekst med Olden var midt imellom svara, så måtte klikke på den. Då viste det seg at dama tydelgvis har vore på cruise inn fjorden vår 15. juni i år, har vore i Olden og opp Loen skylift.  Klikk på linken og sjå dei flotte bilda ho har lagt ut! Så då vart det endå kjekkare å vise dette tipset om juletre når ho har vore så nær alle oss! Kanskje vi bør sende ei julehelsing om vi finn ein plass å poste den!!


Lykke til!

Ingen kommentarer: