tirsdag 1. januar 2013

Året som gjekk!

2012 er historie, og eg vil tru at mange av oss quiltarar har også skapt litt historie i dette året. Det er ting ein har laga og sett årstalet på, noko ein har vore med på og ting ein har opplevd med ein quiltars auger! I klubben vår går eit quilteår frå den eine sommaren er på hell til den neste er i gang. Vi har faste ting som vi plottar inn på kalendaren gjennom året, så i grove trekk så vert åra våre litt like. Men det er dei gode erfariangane vi tek med oss vidare og byggjer aktiviteten i klubben vår på.

Ein liten årskavalkade om kva vi fekk til i 2012 gjev oss litt å mimre på, og kanskje friskar opp gode opplevingar og mange idear.

I JANUAR hadde vi eit fantastisk kurs "Restetepper" med Nancy Eriksen, vi levde lenge på dette kjekke kurset, og eg trur vi vil ha dette med oss inn i det nye året også Takk til Nancy, så enkelt men så kjekt!!
 Jewel Box
Nierblokk

Det er mange fleire innlegg under januar om du vil sjå meir.

Gjennom Quilteåret 11/12 hadde vi temaet BLOMSTER. På kvart klubbmøte tok vi føre oss ein teknikk som kunne brukast til blomstermotiv, det var både "naturlege" og stiliserte.  I FEBRUAR vart det vist ei "Snøball-blokk" som sett sammen av 4 blokker laga ein enkel blomst.
MARS er årsmøtetid og vi har ein fin tradisjon då. Før årsmøtet samlast alle til ein god og lang frukost på eitt av hotella våre, og etter årsmøtet har vi kurs. Denne gongen var det AnnaKa som heldt kurs med temaet "Sminkepunger og små skrin".


I APRIL  fekk medlemmane prøve seg på Blomster-origami på klubbmøtet.

MAI er tida då vi har Quiltekafè, og på møtet vart det vist Baltimoreblomster. Baltimorekransen er også otivet i logoen vår.

I mai vart det arrangert Nordisk Quiltetreff i Ålborg i Danmark, og frå klubben vår reiste det fleire deltakarar. Dei hadde hatt ei kjekk helg med kurs, foredrag og mange opplevingar. HER har Tiril Sol lagt ut bilder frå turen.

I JUNI har vi alltid koseleg sommaravslutning, denne gongen vart det ikkje vanleg sommaravslutning fordi vi fekk besøk av mange quiltarar frå Molde Quiltelag. Vi laga til ein skikkeleg Sommarfest, og vi hadde vergudane på vår side. Eit utruleg kjekt arrangement for både oss og gjestane.


Vi brukar også å ha blåtur i juni, denne gongen hamna vi i Selje på Doktorgarden der vi fekk foredrag/utstilling med nederlandske Ati Ham-Saas  som bur i Selje. Vi var svært mange medlemmar som reiste denne gongen og vi hadde ei flott oppleving! HER finn du Tiril Sol sitt innlegg om blåturen.



JULI er ferietid, då skal vi slappe av og nyte sol og varme og gjerne ein quilt ute i sommarvarmen. Eit lite kåseri om sommarquilten finn du HER. Bloggred. tek også gjerne imot reisebrev frå quilte-opplevingar, HER og HER er  frå ei utstilling i Sverige som bloggred. har skrive.

AUGUST: Vi brukar som regel å starte opp att første tysdagen i september, men dei to siste åra har vi hatt Låvemesse i Leivdalen.første helga i september No fann vi ut at vi måtte førebu oss litt ekstra i matvegen, difor vart det stor dugnad i august med steiking av ca 550 Natronkaker til kafeen på Låvemessa.
SEPTEMBER starta rett på med stort arrangement: LÅVEMESSE i Leivdalen, i løa hos medlem Aslaug.

Dette bildet er lånt frå bloggen til medlem Tiril Sol, fleire bilder fin du HER.

I OKTOBER kjem vi liksom i full sving med syinga, det er blirr mørkare kveldar og vi held oss meir innandørs. Det er tid for Vestlandstreff for dei som ynskjer å reise dit, i år var det Voss Quiltelag som arrangerte. Årets julekurs var ved Siv Smørdal, det vart eit kort men innhaldsrikt onsdagskurs. HER finn du meir om kurset.

Vi hadde også kurs i NOVEMBER, då var det linjalkurs v/Ingun Vaksdal. Vi lærte bruk av mange ulike linjalar, her ser du blokka som du kan lage med linjalen "Storm at sea".

Fleire bilder finn du HER og på bloggen til Tiril Sol.

DESEMBER månad, då driv nok dei fleste med siste innspurt til julegåver. Mange produkt vert vist fram på julemøtet, men nokre vert sydd i siste liten og vert gitt bort før neste møte i januar!! Her får du ein sniktitt på kva som vart julegåver: HER, HER og HER.
Det var nok mange julegåver blant årets siste "Vis og fortel",HER finn du dei bilda.

Gjennom året har vi også hatt ein kalendarserie, til stitchery eller applikasjon. Ideen er frå medlem Randi Røys, modellane er sydd av henne og mønster får medlemmane på epost eller i brev.
Gjennomgangstema på møta våre sesongen 12/13 er Baltimore. På kvart klubbmøte vert det delt ut eit nytt mønster, og ein vel om ein vil bruke handsaum eller maskinapplikasjon. Vi kjem til å dele ut 9 mønster før vi seier oss ferdige med dette temaet før sommaren.
Som de ser så er vi ein klubb med allsidige aktivitetar og vi har det kjekt i lag. Underteikna har gjennom åra påpeika at det er viktig med møteplassar også for vaksne damer, her kan ein treffe andre med same interesse, og ikkje minst "komme seg ut"! Her treff ein medlemmar i alle aldrar, frå 20-åra til over 70, og vi merkar at  her er vi alle like uansett alder!! Her får vi også inspirasjon av kvarandre og vi lærer stadig noko nytt.

Då ynskjer underteikna alle medlemmer og evt. nye medlemmer velkomne til eit nytt og lærerikt år, og avsluttar med desse orda:

"Det er med kunnskap som med mat, ein treng litt kvar dag"


Ingen kommentarer: