tirsdag 27. april 2010

Klubbmøte i mai!

Det er snart mai!!! Og rett over helga møtast vi att på klubbmøtet.

Aktivitet denne gongen er eit lite men svært så aktuelt sticherymotiv!! Den som kjem får sjå!
Det er Inger K Starheim som har med seg ideen denne gongen,....meir seier vi ikkje.

Men ta med dykk:


  • Eit lite stykke kvitt bomullsstoff, gjerne tettvevd og fin musselin eller tett tynn lin.
  • Moulinegarn, ..i ein farge du likar, men gjerne i dus farge.......
  • synål og saks
  • broderiramme om du er van å bruke det

Og så håpar vi på mange fine produkt til "Utstillings-snora" vår.

PS! Husk kaffikoppen din!

Ingen kommentarer: