Minner om at no er det berre timar att til mange av oss quiltarar er i sving att!
Komande helg er det kurs, og det er kanskje ledige plassar??? Sjå innlegg 3. juni!
Kontakt Aslaug for info om du er interessert!
Tysdag 1.9 er det klubbmøte med Quiltekafe, husk også å ta med boka du har hatt denne sommaren. Kanskje har du laga noko frå denne boka også??? Då kan du "vise og fortelje"!!
OBS! OBS! Kurset med Randi Røys 6. sept går ut, vi jobbar med å finne ein ny dato, så då er det kanskje fleire som vil vere med?? Sjå omtale i innlegget 3. juni.
torsdag 27. august 2009
lørdag 20. juni 2009
Quiltens dag!
Premiere i år! (trur eg då...) ...og sikkert kvart år heretter?? Vel,- den som vil vite fakta om denne dagen må kikke inn HER
Klubben vår hadde bestemt at vi skulle markere dagen med utstilling i gata på Nordfjordeid,.....første laurdagen med opning av Sommarshoppinga. Men akk, det var ikkje sommarleg akkurat, for himmelen opna seg og det regna i over ein time minst. Ikkje var det varmt heller. Då hjalp det lite at vi hadde valt tema "SOMMAR" for utstillinga vår!
Då var det eit lykketreff at leiar i klubben hadde eit partytelt til låns,...... etter eit lite "oppsettings-show" midt i gata så kom vi under tak rett før det ausa ned! Og rett så koselig vart det under det grøne taket!
Lotteriteppet vårt, "Dear Jane" kom på plass, og vi selde litt lodd heldigvis.


Blåtur 7. juni
onsdag 3. juni 2009
Sommaravslutning 2. juni 2009
Sommarstart på kalenderen og sommaravslutning i klubben,....i kaldt regnver! Det vart nok ikkje Jektehola i år! Godt at vi hade booka klubbhuset då. Og der kosa vi oss med nydelig kyllingmeny og gode kaker etterpå. Takk til dei flinke damene som laga til denne flotte menyen.
Eit nytt "Dear Jane-teppe" er laga til, nydelig samansetjing! Takk for flott dugnadsinnsats! Dette teppet vert lodda ut, først på Quiltens dag 20. juni (sjå siste medlemsblad 2/2009 også), deretter vert det loddsal i butikkane til Ingun og Siv heile sommaren, til sist på Eidamessa i september då det også vert trekt etterpå.Kurs 1 haust 2009
Helgakurs 29. og 30. august på Klubbhuset:
Ann Karin Myren frå Lappestua i Ålesund held kurs i "Vendbare løpere". Ein artig teknikk som krev litt tenking for å få begge sider fine........, røff utsjånad og mange muligheter!
Påmelding innan 15. august til Aslaug, tlf 57862776 / 97533623, epost: alsak @online.no Det er allereie mange som har meldt seg på dette kurset, så ta kontakt snarast om du vil vere med.


Ann Karin Myren frå Lappestua i Ålesund held kurs i "Vendbare løpere". Ein artig teknikk som krev litt tenking for å få begge sider fine........, røff utsjånad og mange muligheter!
Påmelding innan 15. august til Aslaug, tlf 57862776 / 97533623, epost: alsak @online.no Det er allereie mange som har meldt seg på dette kurset, så ta kontakt snarast om du vil vere med.


Kurs 2 haust 2009
mandag 1. juni 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)










Eit vell av tusenfryd på marka der, og nesten like mange "lykke-firkløver"! Dette måtte berre bli ein lykkelig dag.











































