
Slik ser klemmene ut før dei blir monterte i "syarbeidet".
Slik ser klemmene ut før dei blir monterte i "syarbeidet".




Og no når det går mot vinter hos oss, så blir det sommar hos dei!!!! Då har vi noko å sjå fram til når vi sit her nord i mørketida!!
Dei har også gitt ut to bøker, Material Obsession 1 og 2, den siste av dei har eg kjøpt. Det er ei kjempeflott bok med mønster og mange gode bilder. Ei kosebok! Har sett den i nettbutikken hos Northern Quilts (fann den ikkje i butikken der i dag), men eg har kjøpt mi hos Capris.
Helsing Mariann
Den andre butikken er Lappestua v/Siv Smørdal
Ho sel Janome symaskiner og helga 26. -27. sept arrangerer ho kurs for kundar som har kjøpt maskin med henne (Ho opnar også opp for at andre som ikkje har kjøpt maskin av henne òg kan få plass). Kurset er ved Patricia Iden og er laga til for elektroniske maskiner, med spesiell tanke på Janome 6600. På dette kurset skal ein sy eit trekk til symaskina der ein får bruke mange av finessane ved maskina.
Kurset kan òg tilpassast andre Janomemaskiner, så er du interessert i å vite om der er plass, ringer du Siv på 91531479
Oppdatering:(3 ledige plassar pr i dag 14.9)
No når det regnar som verst her i vest, så er det godt å ha gode ferieminner å mimre litt om. Nestleiar og bloggredaktør Mariann viser her litt inspirasjon frå aust!
Klubben vår hadde bestemt at vi skulle markere dagen med utstilling i gata på Nordfjordeid,.....første laurdagen med opning av Sommarshoppinga. Men akk, det var ikkje sommarleg akkurat, for himmelen opna seg og det regna i over ein time minst. Ikkje var det varmt heller. Då hjalp det lite at vi hadde valt tema "SOMMAR" for utstillinga vår!
Då var det eit lykketreff at leiar i klubben hadde eit partytelt til låns,...... etter eit lite "oppsettings-show" midt i gata så kom vi under tak rett før det ausa ned! Og rett så koselig vart det under det grøne taket!
Lotteriteppet vårt, "Dear Jane" kom på plass, og vi selde litt lodd heldigvis.


Sommarstart på kalenderen og sommaravslutning i klubben,....i kaldt regnver! Det vart nok ikkje Jektehola i år! Godt at vi hade booka klubbhuset då. Og der kosa vi oss med nydelig kyllingmeny og gode kaker etterpå. Takk til dei flinke damene som laga til denne flotte menyen.
Eit nytt "Dear Jane-teppe" er laga til, nydelig samansetjing! Takk for flott dugnadsinnsats! Dette teppet vert lodda ut, først på Quiltens dag 20. juni (sjå siste medlemsblad 2/2009 også), deretter vert det loddsal i butikkane til Ingun og Siv heile sommaren, til sist på Eidamessa i september då det også vert trekt etterpå.