søndag 3. april 2016

Aprilmøte!

Tysdag 5.4 kl 18.30 ynskjer vi "gamle" og evt. nye medlemmer velkomne til møte på Stokkenes Gjestegard.

Vi held fram med å repetere/lære frå oss bruken av linjalane våre. På dette møtet vil vi sjå nærare på linjalen "Square in a Square", Anne Marie viser og deler sine erfaringar med linjalen.


 Denne flotte samansette blokka kjem frå sida til Wombatquilts.

Ein framgangsmåte til denne blokka kan du finne på Why not sew.

Andre sider med mønster/ "tutorial":



Denne er frå Sleepy Owl Studio, her er det også vist ein god framgangsmåte.


Det vil også bli vist ei anna liknande blokk i denne samanhengen, bildet under her.

Denne blokka lærte vi på eit kurs med Mia Øhberg, og Haldis vil vise oss korleis vi syr den. Blokka kan setjast saman på mange måtar og ein får då mange ulike mønster.

Om du vil prøve deg på denne blokka, treng du å ta med deg dette:

  • Stoff, 2 eller tre fargar, det er brukt remser på 5 og 7 cm.
  • Linjal og skjæreutstyr
  • Blyant
  • Symaskin




Løpar sydd av Haldis.


lørdag 2. april 2016

Bilder frå kurset med Kari Renolen!

I samband med årsmøtet vårt i mars, hadde vi kurs med Kari Renolen. Her lærte vi om Decoupage på stoff og fekk mang gode tips om teknikken og korleis vi byggjer opp eit nytt motiv. Vi såg at det var lurt å ha godt utval av servietter, for ein liten fargeklatt  kan gjere "underverk" inne på eit motiv. Sjå td. Kari sitt bilde under her med elefantar og ei raud valmue!



Under her er kursdeltakarane sine arbeid.
















 Kari sine modellar, bilder og vesker!

 Her er ei fin løysing på korleis ein fester skulderreima.










 Her er veskemodellen til Kari, klar til å syast saman i botn og sider.
 Då søndagen var omme, var det mange flotte og ferdige vesker å sjå!



 Denne veska over her er Kari sin modell.




Takk til Kari for eit flott kurs!

fredag 25. mars 2016

Kaffiposevesker!

På Vestlandet har vi grå påske med ein del regn, snart mykje vind og tunge skyer, likevel kjem det litt solglimt innimellom til trøst.

For mange er dette innever,  (vi quiltarar kallar dette flott syvèr!!) men vi kosar oss med god mat og drikke. Kaffi er på menyen hos mange, og om du no har huset fullt av gjester, så er det berre å lage kaffi i lange baner! Men ikkje kast kaffiposane, gjenbruk er IN og du kan lage flotte vesker i ulike fargar alt etter kva sort kaffi du kjøper.


Denne veska er sydd av Lisbet Pedersen og på bloggen sin forklarer ho litt om framgangsmåten.



På bloggen Sy om att er det lagt ut ein detaljert framgangsmåte av korleis ein syr denne veska. Har du over 30 kaffiposar, så er det berre å setje i gang!



Denne veska er sydd av Bergfruas lapper, der er det også lagt ut ein framgangsmåte.


På bloggen til Guro Eriksen er det mange bilder frå eit "kaffiposeveskekurs" i regi av Sola Husflidslag.

 På bloggen til Helles Univers finn du desse flotte veskene. Over her er det Kjeldsberg kaffi, flott gul farge!


På bloggen til Trines Hobby kan du lese meir om desse flotte veskene!

Kjøkkenskriveren har laga Ali-kaffi-vesker!

Vil du sjå fleire bilder av slike vesker, så ligg det mange når du søkjer på Google.
Det er også ei Pinterest-side med nokre bilder av vesker mm.

Som du ser så bør du heretter kjøpe kaffien din etter utsjånad og ikkje etter smak,.....iallefall til du har fått sydd den veska du vil ha. du kan også bruke andre plastartiklar som du kan sy gjennom, det kan være både posar til chips, peanøtter og sjokolade, men også handleposar av litt solid kvalitet.

God påske vidare og lykke til med kaffidrikkinga!!