søndag 5. juni 2016

Ta med deg.....om du har!

Ein liten ekstra info i forkant av neste møte som er tysdag 7.6:

Ta med deg 3 TERNINGAR om du har! 


Kva dei skal brukast til finn du ut på møtet!!


lørdag 4. juni 2016

Like før!!!

No er det dagen før blåturdagen!! Berre timar att,........og mange som er spente på kvar turen går!

Minner difor om at oppmøtet er seinast kl 12.50 på Stårheim ferjekai! 

Berekne litt ekstra tid om du ikkje har avtalt kven du vil sitje på med, det same for dei som har meldt seg som sjåførar og ikkje har full bil!

Egenandelen på kr 100 kan du enten betale kontant eller inn på kontoen vår : Kontonr: 3790.13.16660

DÅ SJÅAST VI!!!!

Junimøte!

Det er juni, det er sommar og det er tid for siste møte før sommarferien!

Tysdag 7. juni møtes vi att på Stokkenes Gjestegard kl 18.30-21.30 til ein triveleg sommarkveld. Dette vert eit vanleg klubbmøte med aktivitet, litt handel, prat og med matvertar som stiller med litt god kaffimat. Sidan vi har blåtur med mat søndagen før, så vert ikkje dette møte med ekstra matservering slik vi har hatt det på enkelte junimøter tidlegare år.


  • Vi "mimrar" litt om opplevingar frå Blåturen vi har 5. juni!
  • Det vert ein kjekk LITEN aktivitet, sjå "Ha med liste" lenger nede.
  • Ta med quiltar og gode idear til "Vis og fortel".
  • ......og er det noko du lurer på og vil ha råd om,......ja så er vi mange som sikkert kan hjelpe deg!!

Kveldens aktivitet er v/Mariann, den er enkel og liten så dette kan ALLE klare!!


Ta med deg:

  • Ein stoffbit på minst 3x3 inch, ta gjerne stoff som er småmønstra! 
  • Ein "neve" med fyllvatt.
  • Ei smal blonde , ca 1 cm brei og minst 11 cm lang!
  • Nål, sytråd og saks
  • Liten limpistol om du har.
Du treng noko til, med det får du av Mariann!!

Velkommen til gamle og nye medlemmer!!



mandag 23. mai 2016

...mens vi ventar på sommaren!

Ja, i ventetida på den varme sommaren, så må vi ha noko å gjere på!

På den danske Facebooksida "Patchwork for alle" var det i dag ein link med gratismønster til denne praktiske posen/veska! Underteikna har både sydd og brukt ein liknande pose, og den berre ANBEFALAST!!

Posen på bildet og mønsteret er laga av danske Maria/Fru Christoff.

Mønsteret er gratis og du finn det HER!

Lykke til med kjekk sommarsying, og om du lagar noko, så er det fint om du legg inn bilde under kommentarar på Facebooksida vår!!

tirsdag 10. mai 2016

Årets BLÅTUR!!

Det blir blåtur i år også!!


...og turen går dit, eller der eller aust eller vest........eller...


Svaret er at den  blir  søndag 5. juni og den går til

STÅRHEIM FERJEKAI!!
Om den går vidare derifrå, vil du finne ut om du møter opp der seinast kl 12.50!!

Vi hadde bindande påmelding på siste medlemsmøte og det var stor oppslutnad om å bli med. Om det no er nokon som vil vere med og ikkje har meldt seg på, må dei ta kontakt snarast med kasserer Rigmor på epost: postbestemora@hotmail.com eller på mobil: 41803980.

Det vert å betale ein eigenandel for mat/program på kr 100. Medlemmane må organisere og koste reisa sjølve, lurt å avklare før ein møter opp på ferjekaia, slik at ein brukar færrast mogleg bilar. Om du lurer på kven som er med, ta kontakt med Rigmor.

 .....dette kan bli ein spennande tur ut i det BLÅ! 
(ps! bildet er kun til illustrasjon, kjem ikkje frå arrangøren av blåturen vår!!  ;) )
Kle deg etter veret, blir ein tur som passar alle, men vi veit aldri kor kaldt det kan bli...

søndag 1. mai 2016

Maimøte!

Tysdag 3. mai er det igjen møte i klubben vår, og vi ynskjer alle velkomne til ein triveleg kveld med inspirasjon og læring!

Om det er nokon som lurer på å bli med i klubben vår, er det berre å møte opp på Stokkenes Gjestegard kl 18.30.

Det er mange som har ytra at dei er interesserte i quilting, men at dei er ikkje "flinke nok"!! I vår klubb er det ikkje berre rom for dei som kan, men rikelig med plass for dei som vil! I ein klubb med over 50 medlemmer har vi heile spekteret av medlemmer, alt frå dei som syr nesten dagleg, til dei som ikkje rekk å sy så mykje, likar å lage enkle ting,  men har stor glede av å møte andre og sjå kva dei lagar og å få tips om korleis ein brukar ulike teknikkar og utstyr i syinga.
Så igjen,....velkommen til den som lurer litt......!



Temaet denne gongen er å vise korleis ein brukar linjalen "Wedge ruler". Klubben har denne linjalen, og teknikken er å sy sammen stoffremser som blir kutta med denne "skeive" linjalen. Men som de ser på løparen over, sydd av Aud S., vert det veldig dekorativt når det først blir sydd sammen remser som igjen blir kutta av linjalen!

Ein kan også sy sammen både i sirklar og i andre bogar,.....det er berre å leike seg med denne!!
 Denne duken/juletreteppet er frå sida til Moda, der er også mønster, HER finn du det!

Juletreteppe, henta frå Pinterest.

Den er også veldig lik "Dresden-linjalen", så prinsippet med bruken er ganske likt. Linjalane finst i fleire "gradebredder".

Denne er under arbeid, Ingun på Primula Design held på med denne.

Fleire idear:

Her blir det Bargello når ein set bitane saman slik!

 Teppet over her er eit teppe laga av Helle Løwenskiold, fin effekt å ha farga stoff i lag med "botnfargen".
 Nokre smale striper i kombinasjon med einsfarga gjev rom for fine applikasjonar!
 Som de ser så er det val av fargar på bitane som gjev dei ulike formasjonane....., det er millionar av løysingar i sikte med ein slik linjal!
 Her er linjalen brukt til å lage  dekorative sider på ei veske og eit pennalhus/syveske.

...kanskje lage ein liten MUGRUG på møtet?? Denne rekk du å lage ferdig!!
...men kvifor gjere det vanskeleg når det kan bli SÅ DEKORATIVT med eitt stoff i kvar farge!!



Nydelig teppe, laga av Afewscraps, bilde henta frå Pinterest der denne teksten står under:

 Sacred Heart // this was totally made by a lady in the Portland MQG! The center block was created by her grandmother when they used to sew together. When her grandmother died she designed this quilt to show how her grandmother impacted her life and those around her. Beautiful story, beautiful quilt. 


Meir kunst!!  Fantastisk sammensetting av blokker!

Bildet er frå Birmingham Festival og Quilts 2013, HER kan du lese meir, skrive av ein blogger.


......det er ingen grenser for kan du kan få til, nydelig sommarfuglduk!!

Dei bilda som det ikkje er namn under, er henta frå søk på Google. Vil du sjå fleire idear kan du sjå her:


Ta med deg symaskin, litt stoff og skjæreutstyr om du vil prøve noko av dette. 

Primula Design vil som vanleg være der med sal av stoff og utstyr. Om det er noko spesielt du treng, er det lurt å ta direkte kontakt med butikken, for det er begrensa kor mykje ho kan ta med seg!!!




tirsdag 26. april 2016

Vestlandstreff i Bergen!

No er det kome info om program og kurs til Vestlandstreffet i Bergen på sida deira! Link til sida finn du HER!

søndag 17. april 2016

Bilder frå aprilmøtet!



Mange brikker der linjalen Lil Twister er brukt.


 Desse fire bilda er frå kurset med Kari Reonlen før påske, då lærte vi om Serviett-Decoupage på stoff. Fantastisk kva vi kan lage med fine servietter, anbefaler dette på det sterkaste. Lurt å samle litt servietter først, på desse arbeida er det nok brukt minst 5 ulike servietter!



 Over: Hex n more linjalen er brukt!

 Babyteppe som kan brettast til babypose! Elna er mester for dette!

 Fin dorullholder!


 Utstyr til bunaden, over er ein pose til skjorte, under ein stoffboks som er tenkt til søljer mm.




 Fine vesker frå kurset med Kari Renolen.





Weekendbag etter mønster /kit frå Andre Wallenborg. 
Om ein ynskjer å kjøpe dette, kan ein bestille frå han via epost: Andre Rustad Wallenborg info@wallenborg.no




 Brikker med serviett-decoupage!


 Over: Her er linjalen Sidekick brukt.
 Elin har laga samme boks som Elna sin lenger oppe. Mønster: Bente Malm
 Randis kreative løparar!
 Desse heilter Solnedgang i vest!

Måtte berre ta med denne flotte dukkekjolen som var med på møtet, for quiltedamer må alltid ha noko i hendene, og der ein ikkje har med symaskin i veska, så er der nok eit lite strikketøy på lur!


 Randis flotte teppe, ho har brukt linjalen Kaleidoskop.







 Litt meir vesker frå Kari Renolens kurs.

 Anne Marie har sydd dette flotte teppet "Berry basket" med Kaffe Fassett stoff.

Løper i mønster "Storm at sea"

 Synnøve og Gitte held på med eit teppeprosjekt  til eit lotteri og ønsker seg raude lappar i fritt design, str 22 x 22 cm. Den som  ønsker kan delta og bidra, men dette er ikkje i regi av klubben vår!!
 Temaet denne kvelden var ma. å lære denne blokka. Haldis har laga løparen under, og ho viste oss kor enkelt ein kan lage små blokker som kan puslast sammen til mange forskjellige mønster. Takk til Haldis for denne infoen og for nokre av oss vart det oppfrisking av noko vi lærte på kurs med Mia Øhberg for mange år sidan!

 Vågsøydamer stod for kaffimat denne gongen, og vi vart berre heilt imponerte over det dei varta opp med igjen! Gode salatar , kaker og ei fantastisk stor smørbrødkake. Dette smaka!! Tusen takk!