søndag 2. april 2017

Aprilmøte!

Tida flyr avgarde og det er allereie klart for aprilmøtet!!

Vi ynskjer alle velkomne til ein triveleg kveld i lag på Stokkenes gjestegard tysdag 4.4. kl 18.30.  Om nokon ynskje å være med i klubben vår, så er det berre å møte opp og sjå kva vi held på med!

Tema for denne kvelden er "Meksikansk bretteteknikk" og Grete M vil vise oss korleis ein får til dette! Resultatet blir overraskande flott, og det er eit litt annleis arbeid enn vi er vane med!!!

Dette er noko som alle klarer å få til, og ein kan lage mykje forskjellig; veske, lommebok, belte,.....
 Ein kan sy glidelås i, det må ein gjere for hand til slutt.

 .....og dette er veldig gammalt, så teknikken er ikkje ny her til lands!!

Dette må du ha med deg:


  • Papir, helst litt tynt, det kan være ukeblad, tegneseriar, aviser, farga eller svart kvitt.
  • Saks, blyant/penn, linjal, kanskje rullekniv og skjæreplate om du vil spandere knivbladet... eller kanskje har du ein sliten rullekniv....?
  • Brei blank tape, ca 5 cm, tapen du kjøper på Europris er heilt perfekt til dette
  • Kanskje nokre klemmer?
  • Om noko viktig manglar  på lista, så kjem det her, sjekk før du reiser heimanfrå!
Program elles:
  • Siste nytt frå styret!
  • Vi lurer på om det blir blåtur, og når....... vi snakkar om det!
  • Lotteri
  • Kaffipause
  • Vis og fortel

Ei ekstra utfordring til medlemmane denne gongen, og vi håpar at ALLE her kan bidra med noko!!




Du må ta med deg noko med tema PÅSKE som du eller nokon andre har sydd. 

Det betyr ikkje noko om vi har sett det før, for her tenkjer vi å lage ei STOR og inspirerande Påskeutstilling!! Vi samlar tinga på eit bord, og det er fint om du kan setje namnelapp på slik at ein kan spørje eigaren om det ein lurer på!!


(bilde frå Pinterest)

Velkommen til møte!!

torsdag 30. mars 2017

Bilder frå Bargellokurset!

No i mars arrangerte vi to kveldskurs i teknikken "Bargello".

Synnøve T var kurslærar og på bilda under ser vi mange flotte resultat av desse to kveldane!












onsdag 29. mars 2017

Tid for EGG??

Det nærmar seg påske og tid for egg! Både til mat og til pynt!

Denne enkle og fargerike løparen er det gratismønster til! Du rekk fint å sy denne til påska, og her kan du lage ditt eige design med alt frå restekorga til stripene!!

HER er link til mønsteret som ligg gratis på sida til Sewmamasew.





Løparen ser ut til å være litt kort, men då får du legge til litt fleire egg!!

Her ser du at løparen er felt inn under stoffet rundt, men det går like fint å applikere det på med maskin eller å brette inn kantane rundt frysepapir og sy på for hand med små sting.

lørdag 25. mars 2017

Bilder frå marsmøtet!

Marsmøtet var eit aktivt arbeidsmøte! Laila B. tok føre seg temaet "Meshwork" igjen, men denne gongen var det på skrå og det vart laga kuber.




 Dette er Laila si veske som ho har sydd på eit kurs v/Lappestua-Eid for nokre år sidan. Her er det 6 ulike felt med fletting som dekor.












"Vis og fortel" var innholdsrikt denne gongen! Vi har så mange flittige quiltarar i klubben vår, og tusen takk til alle som tek med seg det dei lagar/held på med og inspirerer oss andre!!














Gitte har sydd brikker med festlig motiv, men legg merke til alle måtane ho har quilta på. Ho gjekk på kurset i januar med Merete Ellingsen der ein lærte quilting med linjal, sjå kor flotte effekter det blir!
















 Ingebjørg har sydd denne toalettveska som er sydd på ein enkel måte, HER er link til framgangsmåten på ei Facebookside frå Colombia!








 Vår lokale quiltebutikk Primula Design, stiller alltid opp med ferske varer. Sjå på desse flotte vårfargane på bildet under her!


Kaffipausane våre er alltid gode, og det smakar med ein matbit når vi "jobbar så hardt"!! 
Men vi har også mange som reiser langt for å komme på møta våre, nokre reiser i 2 timar!!! Imponerande! Då er det godt med ein god matpause midt på kvelden!