søndag 7. januar 2024

Bilder frå Januarmøtet

 Vi starta rett på 2. januar med møte, kjekt å bli inspirert til meir sying i 2024!


Tema dor kvelden var å ta med og vise nye og gamle bakehandkle med stitchery/applikasjon. I haust vart medlemmane oppfordra til å sy eit motiv med "Julebakst" på, og vi fekk sjå fleire ferdige handkle.

































Takk til matvertane for nydelig kaffimat!


mandag 1. januar 2024

Kurs med Andre Wallenborg!

Vi gleder oss til eit kvalitetskurs med Andre Wallenborg i slutten av Januar. Kurset er  26.-28 januar og vert på Lagshuset Fram på Stårheim, ca ei mil vest for Nordfjordeid.

Det er allereie påmeldt nok deltakarar til at kurset kjem i gang, men vi har leigt eit så stort lokale at vi no opnar opp for at eksterne også kan delta på kurset. Vi veit at mange mindre quiltelag ikkje har høve til å arrangere slike kurs, så difor  opnar vi opp for at andre enn våre medlemmer også kan delta. Vi har plass for 5-6 eksterne!  

Kurspris er kr 1350 for alle dagane og inkluderer lunsj og kaffimat laurdag og søndag. Fredag er det kort oppstart, ca 3 timar, må då ha med eiga niste. Frist for påmelding for eksterne er sett til 5.1.

Om du treng meir info, kontakter du kursansvarleg Janne G. Vatne på tlf  90725996.

Helga 26.-28. januar vil Andre lære oss sine gode teknikkar i å sy vesker. Han er profesjonell veskedesigner og har halde mange kurs siste åra. Vi må ha med eige stoff til yttersida av veska, men elles så lagar han til pakkeløysing med alt anna som vi treng til veska. Alle får nærare info om kva ein må ha med til sin modell.

Vi har hatt ulike ynskje om kva modell vi vil ha på kurset, og denne gongen har vi fått til ei utruleg god løysing: 

Han køyrer fleire veskemodellar samtidig, og vi har no avtalt kurs i desse 5 modellane:


  • Weekendbag
  • Veske med klaff

  • Veske med lang hank og lommer

  • Skulderveske med korte hanker og lang reim


  • Lommebok/veske


Klubben vår har hatt kurs med han 3 gongar før, og vi veit at her får alle god hjelp til å få til ei god veske.

Velkommen til å bli med oss denne helga!!


Velkommen til møte 2024!!

 Vi er i gang med det nye året så vidt, og vi satsar på eit aktivt nytt quilteår! 

Allereie i morgon 2.1 startar vi med møte på Stokkenes Gjestegard, møtetid er som før 18.30-21.30.

Ta gjerne med deg ein venn som lurer på å bli med i vår aktive klubb, eller til DEG som likar å sy og har lyst til å være i lag med oss, det er berre å komme!!

Vi kallar årets første møte for Quiltekafe, det betyr som regel at det er god prat rundt borda og du tek med noko å sy på som du held på med.



MEN, vi har ei oppfordring til alle: 

  • Ta med deg ditt/dine bakehandkle der det er brukt stitchery/broderi på! I haust fekk mange mønster til bakehandkle der det stod Julebakst på, fint om vi kan få sjå nokre som er ferdige! ....eller er du ikkje ferdig?? Ta med og sy på møtet!
  • Dersom du har mønster/motiv til bakehandkle er det fint om du vil ta med og vise, det kan då bli vårens syaktivitet på møta våre framover.
  • Ta med deg blyant/matpapir om du får lyst til å tegne av eit motiv.
  • ...og er du skikkeleg gira, så tek du med stoff og moulinegarn slik at du kan begynne med ein gong!!


Det vert elles vanleg møteopplegg med:
  • Aktuell informasjon
  • Lotteri
  • Kaffi/noko attåt
  • Vis og fortel
  • Kanskje stoff mm. frå Primula Design
Matvertar er: Aud Nygård Saltkjel (leiar), Kari H Tellevik, Ingebjørg Lillebotn Utnes, Aud Leirvik.





Kanskje starte på eit "Påskebakehandkle"?

Det er uendeleg med motiv å bruke når ein går inn på Pinterest, HER er link til ein start iallefall!!

Velkommen !






torsdag 28. desember 2023

Bilder frå desembermøtet.

Vi har ein fin "julebordstemning" med  tradisjon med å ha desembermøtet vårt som ei triveleg avslutning på året. 









Komiteen opna kvelden med festlig song!



Vi har komite som pyntar langborda fint, ordnar med god mat som klubben betaler og vi har  fast innslag med nissegåve der "nissen Siv" kvart år kjem med kjekke smågåver som vi må lage sjølve!!



Nissen Siv hadde med materialpakke til eit lite juletre av filg, og som vanleg var alle ivrige med å klippe, sy og pynte. Det vart mange fine juletre!



Siv hadde med rikelig med pynt til juletrea!





Bloggred. sitt tre vart ferdig heime, men er no komt opp i juletreet!

Vi hadde sjølvsagt "Vis og fortel" og der var mykje fint å sjå, 
og mykje av det som vart vist fram, skulle gjevast vekk som julegåver.



Anne Marit sine to store sengetepper var imponerande. Desse var julegåver til sine barn, nydelige minnetepper sydd av far sine skjorter. Far gjekk bort for eit par år sidan, så dette vart nok kjære gåver å få. Ho har sydd slike tepper til alle sine 4 barn. Imponerande arbeid og flott quilta av Sølvi Quiltestudio.





Like imponerande var Torunn sitt blomsterteppe med mange tusen små fargerike lappar!!


Utruleg vakkert!!









Randi prøver stadig ut nye idear, ho finn mønster eller inspirasjonsbilder på internett, og komponerer  med eigne stoff. Takk til deg Randi for alle nye idear du kjem med!!



Juletreteppe laga med  10 graderslinjal og midten er inspirasjon frå ei nydelig brikke i Quiltemagasinet.


Stoff med ferdig trykk, ei fin ramme rundt gjorde dette til ein nydelig løpar.


 ...og Randi let seg inspirere  av første innlegget i adventskalenderen vår, Kristtornblad!  Her i storleik som kan passe som Mugrug!


Mange viste fine løparar og brikker, nokre etter mønster medan andre var egenkomponerte eller med inspirasjon frå mønster eller frå bilder på internett. Pinterest har mange gode idear til inspirasjon!!




Annaka sitt mønster "Rimfrost" både som løper og brikke.








Mønster frå Quiltemagasinet.



Stor brikke der linjalen Hex-n-more er brukt.














Brikker med plast på.







Ingun sitt snømannteppe er like aktuelt kvar vinter!!


Lotteriet var som vanlig allsidig, men denne gevinsten var ekstra fin, sydd og gitt av Gitte.


Og så hadde vi sjølvsagt veldig god mat! 
Takk til komiteen for ypperlig jobb!






Då er quilteåret 2023 presentert i mange innlegg her på bloggen, og vi gler oss til nye idear og kjekke timar ved symaskina i 2024.

Takk til alle som følger sida vår, både medlemmer og gjester frå inn- og utland, det er kjekt å inspirere kvarandre, og kjekt å sjå at inspirasjon gjev flotte arbeid som vert vist fram til oss på møta våre.


Klubben vår er stabil med rundt 50 medlemmer, men vi har plass til fleire som vil være i lag med oss enten som medlemmer eller som gjester på møte eller kurs vi arrangerer.