torsdag 4. juni 2026

Bilder frå sommaravslutning 2.6!

 God variasjon under "Vis og fortel", her var det alt frå store tepper til ei tydelig interesse for korssting som var tema på forige møte.

No tek vi oss ein lang sysommar fram til neste møte 2. september og håpar at det vert gode sydagar framover.

Som de ser så har vi stor variasjon i kva vil styrer med i klubben vår, medlemmane våre har ulike interesser, og saman kan vi dele utruleg mykje erfaring frå bruk av stoff og tråd på ulike måtar.  Om du er ein som har litt lyst til å komme på dei kreative møta våre til hausten, så ta kontakt med oss eller berre kom på møta. Vi legg alltid ut informasjon på bloggen vår i forkant av møta.


Nyt bilda og ha ein fin sommar!



Vår trufaste nærbutikk sybutikken primula Design stiller med fine varer!


God mat i regi av matvertane våre, tusen takk til dei!


Vi hadde trekning av lappar til 3 lotteritepper, bildet over viser korleis ein kan sy sammen lappane. Det var 3 glade medlemmer som no for heim med kvar sin haug med lappar. Kanskje får vi sjå tepper på møta til hausten?

























mandag 1. juni 2026

Velkommen til sommaravslutning!



(bilde frå Sybutikken Primula Design)
 

Vi inviterer til trivelig sommaravslutning i morgon 2.6 på Stokkenes Gjestegard. Vanleg møtetid 18.30-21.30 og møtet vert som eit vanleg klubbmøte med kaffipause rundt kl 19.30.

I tillegg til god mat og prat vert dette møteinnholdet:

  • Informasjon frå siste styremøte med ma. planer for neste halvår.
  • Gitte og Ingun viser sammensying av lita veske med brodert side i korsstingsbroderi.
  • Det blir trekning av "lappeteppelappar" i regi av Haldis
  • Vis og fortel
  • Lotteri
  • Sybutikken Primula Design har med butikkvarer til sommarens sying!
Velkommen!

mandag 11. mai 2026

Bilder frå maimøtet!

 Tema på maimøtet var temaet korsstingsbroderi på stramai. Dette er ein ny trend vi har sett i det siste der ein broderer på stramai eller aida med ulike trådkvalitetar. Gitte viste oss både teknikk og modeller, og dette er noko ho har med seg frå Danmark der dette er veldig populært.

Vi laga broderiet på små lappar der vi fekk fram effekt med å krysse linjene vinkelrett med ulike fargar, a la slik ein gjer med renning og innslag i veven. Desse lappane vil vi bruke som dekor på ulike ting vi syr, eller skape "nye stoff" slik som bildet under viser, håpar å sjå resultat seinare ein gong!



























Resultat frå årsmøtekurset vårt.



















Kjekke varer frå Sybutikken Primula Design

Takk til matvertane for nydelig pausemat!!