

Og no når det går mot vinter hos oss, så blir det sommar hos dei!!!! Då har vi noko å sjå fram til når vi sit her nord i mørketida!!
Dei har også gitt ut to bøker, Material Obsession 1 og 2, den siste av dei har eg kjøpt. Det er ei kjempeflott bok med mønster og mange gode bilder. Ei kosebok! Har sett den i nettbutikken hos Northern Quilts (fann den ikkje i butikken der i dag), men eg har kjøpt mi hos Capris.
Den andre butikken er Lappestua v/Siv Smørdal
Ho sel Janome symaskiner og helga 26. -27. sept arrangerer ho kurs for kundar som har kjøpt maskin med henne (Ho opnar også opp for at andre som ikkje har kjøpt maskin av henne òg kan få plass). Kurset er ved Patricia Iden og er laga til for elektroniske maskiner, med spesiell tanke på Janome 6600. På dette kurset skal ein sy eit trekk til symaskina der ein får bruke mange av finessane ved maskina.
Kurset kan òg tilpassast andre Janomemaskiner, så er du interessert i å vite om der er plass, ringer du Siv på 91531479
Oppdatering:(3 ledige plassar pr i dag 14.9)