torsdag 30. juni 2011
tirsdag 28. juni 2011
Nydelige hexagon-blokker

Må berre få vise dykk at det er mange som syr hexagonlappar! Geta i Romania har laga desse flotte blomsterblokkene. Ho skriv i bloggen sin at quilting ikkje er så kjent i hennar land, så ho gledar seg over alt det fine ho finn på internett.
(bilda er frå Getas blogg)

HER er link rett til innlegget om hexagonlappane.
No håpar eg at det er mange klubbmedlemmer som sit og kosar seg med handsaum av små eller store hexagonblokker! Og husk å lage til så du har med deg i veska di om du skal ut på ei reise i sommar!
onsdag 22. juni 2011
Eit lite quilteeventyr.....


I siste nr av Norsk Quilteblad s 44 finn de eit lite eventyr frå virkeligheita, skrive av underteikna. Før nyttår fekk klubben vår ei henvending frå Norsk quilteforbund om vi ville skrive litt om prosjektet vi hadde gåande i klubben med Kalenderblokker og Kalenderbloggen vår. Vi tok imot utfordringa og sende inn tekst og bilder av arbeid som medlemmane har laga. No er dette kome på trykk og fine bilder er sett inn på sidene. Det er Elna som har laga dei 12 blokkene over teksten, dei 4 andre har eg ikkje eigarnamn på enno.(ta kontakt om eg skal setje inn namnet ditt)

Teksten til eventyret skal eg også legge ut der, slik at dei som ikkje har bladet, får lese eventyret om oss! HER er link til teksten.
tirsdag 21. juni 2011
Nedtelling til blåtur!

Og til dei som skal vere med på turen, husk fotoapparat, sovepose eller sengkle og elles må de lese på infoarket som dei to arrangørane har laga til.

Då ynskjer vi oss sjølve ein god tur nordover, bilder skal nok komme på bloggen i etterkant!
mandag 20. juni 2011
Eit lite kunstverk


Om nokon har lyst til å sy noko liknande, så har ho lagt ut framgangsmåten steg for steg på eit innlegg, du finn det HER. Takk til Barbro for inspirasjonen.
søndag 19. juni 2011
Rose

Mønster til denne rosa som er laga av mange lyse og lett stoffrestar, finn du HER.
Viss det er nokon av medlemmane som lagar denne rosa i sommar, så send meg eit bilde av den og eg vil legge den ut på dette innlegget. Så om det er dårleg sommarver ute ein dag, så kan du pusle med roser innendørs!!
lørdag 18. juni 2011
Lag HEXAGON-maler


Slik lagar du dine egne maler til å sy Hexagon-lappar!
- Opne Word
- Klikk på "Sett inn", peik på "Bilde" og velg "Autofigurer" på lista som kjem fram.
- Peik på dei ulike symbolgruppene som blir vist og velg "Grunnfigurer".
- Du ser no 6-kantforma, klikk på den og du får "Opprett tegningen her" på arket.
- Du får et + i bildet, hold ned venstre musetast og dra til ønska størrelse.
- OBS! Du kan ikkje legge inn mål og få en viss str, og du må prøve deg fram slik at alle sidene vert like lange.
- Når du har fått ønska størrelse, klikkar du på høgre musetast, velg kopier og lim inn mange gongar. Deretter er det berre å klikke på 6-kantane og rydde opp, dvs å dra dei på plass så dei ikkje overlappar kvarandre.
Har no forklart etter beste evne, men har du spørsmål, så send epost eller legg inn under Kommentarer. SYTIPS!
- Med få sting kan du feste stoffet fast rundt 6-kanten (sjå bildet under)
- Du kan sy tvers igjennom den tynne pappen, dette er lurt om du har små maler.
- Du kan bruke binders.
- Du kan bruke maskeringstape.
- Du kan bruke spesiell lim/limstift som du får kjøpt i quiltebutikken.

mandag 6. juni 2011
Junimøte

Aktiviteten uteblir ikkje denne kvelden heller, temaet er HEXAGON(sekskantar)!
Vi har tenkt å gje dykk litt idear og inspirasjon til koselig sommararbeid. Eit lite eller stort arbeid, det er det du som bestemmer. Men du skal få nok tips til at du alltid kan ha eit lite syarbeid på lur, i lomma kanskje? På fjellturen eller ute i hagen? Det er utrulege muligheter med desse små sekskantane, nokre lagar dei mikroskopisk små medan andre syr dei på maskin.

Husk også å ta med det du har laga siste "Quilteår" til utstillinga vår!
Abonner på:
Innlegg (Atom)