Årets blåtur gjekk til Vikebukt i Vestnes kommune, der Haldis hadde invitert oss til garden der ho har vakse opp. Turen varte frå fredag til søndag, og då hadde ho ordna med overnattingsplassar i 3 hus som alle hadde tilknytning til garden og låg nær kvarandre. Utruleg flott opplegg!

Haldis og Elna hadde planlagt godt for denne blåturen, dei rekna ikkje med sommarlege dagar, så eit langt partytelt var sett opp på gardstunet.

Fredag kveld var det grillmat til kvelds, i dette flott pynta teltet med fine quiltar og lys.

I dette teltet åt vi også frukostane i lag både laurdag og søndag.