mandag 31. mars 2025

Trekningsliste!

 Trekningsliste frå lotteriet på Jubileumstreffet vårt i går:



Velkommen til aprilmøtet!

 I morgon er det allereie 1. april, og det skal bli kjekt å møtast att på Stokkenes gjestegard kl 18.30-21.30!

Ei flott jubileumshelg er over, og tema denne kvelden blir å oppsummere arrangementet vårt!

Bildet er frå "Fjordabladet"

  • Det vert som vanleg "Vis og fortel" sjølv om vi har vist veldig mykje denne helga. Men har du noko du vil vise, så er vi glade for å sjå og bli meir inspirert!
  • Kort info frå styret om aktuelle saker og planer vidare for våren.
  • Kaffipause
  • Lotteri
  • På agendaen for møtet står det at aktiviteten skal være påskerelatert. I går vart underteikna inspirert av ei stor korg med påskeharar som "Trapp ned " hadde med seg. Det er gratismønster til desse på sida til Tilda.no, så difor vert det høve til å prøve seg på ein slik figur. Ta med symaskin og eit nøytralt og tettvevd stoff til kropp. Der er også mønster til kle. Om du vil skrive ut mønsteret heime, så finn du det på linken her


                                                       Bildet er frå "Trapp ned " sin stand i går.

Velkommen til alle, til nye medlemmer også om nokon vil sjå kva vi styrer med!!

søndag 2. mars 2025

Velkommen til marsmøtet!

Tysdag 4.3 er det tid for nytt møte! Vanleg tid denne gongen, 18.30-21.30.

Denne gongen skal vi førebu oss og ta siste felles gjennomgang av Jubileumstreffet som vi arrangerer på Stårheim  søndag 30.3.

Vi legg opp til to ulike aktivitetar denne kvelden.

  • Det er laga eit stitcherymotiv til Jubileumet vårt og det vert delt ut på møtet. Motivet egnar seg som vanleg stitchery eller i kombinasjon med applikasjon for hand. Så om du vil setje i gang med ein gong, så ta med deg lyst stoff, utstyr til å overføre motivet, moulinegarn  og evt stoff og applikasjonsvliselin.
  • Tidlegare har Rigmor vist ein lettsydd modell til å ha under varme skåler. Ho har med modell og mønster, så om du vil sy ein slik, så ta med litt stoff  (30 cm?) og vatt. Ha gjerne med eiga symaskin, men vi tek med eit par til låns også.

                                                                     Rigmor sin modell.

Elles vert det:
  • Info frå siste styremøte
  • Årsmøtet og kurshelg
  • Gjennomgang av Jubileumstreffet
  • Lotteri
  • Vis og fortel
  • Kaffipause
  • Primula Design med litt butikkvarer

Vel møtt til gamle og nye medlemmer