søndag 1. juni 2025

Velkommen til sommaravslutning!

 Det er juni og det er blitt sommar!! Tysdag 3.6 inviterer vi til siste klubbmøte før vi tek ferie.

Sommaravslutninga vert på Stokkenes gjestegard kl 18.30-21.30 og matkomiteen er i sving for å lage til ein triveleg sommarkveld for oss.

På møtet vert det påmelding til kurset vi skal ha i september med Mona Rosvold, så det er viktig at dei som vil delta kjem på møtet for å få meir informasjon, eller kontakter kursansvarleg Janne direkte. Sjå meir info på FB sida NLQ medlem.

Tips til aktivitet: Dette bildet av koppen over her, kan du bruke som applikasjon eller stitchery på ei brikke eller i endane på ein løpar. Enkel applikasjon med "raw edge" der du syr med rettsaum på maskin inn på stoffet elelr brukar enkel handsaum på. Ta med bakgrunnsstoff, stoff til motiv og vlisofix. Du finn bildet  som PDF på NLQ Medlem.

Innhold på møtet blir slik vi har det elles:

  • Info frå styret
  • Aktivitet: Du tek med det noko å sy på, lukkekant, stitchery, eller treng du hjelp eller tips til noko?
  • Ein GOD matpause med kaffi/te
  • Vis og fortel, vi vil gjerne sjå det du held på med, ferdig eller ikkje! Og gjerne noko sommarleg, vi treng sytips til den lange sommarferien vår!!
  • Kanskje butikken Primula Design dukkar opp med noko som vi sikkert treng....
  • Lotteri

Velkommen til ein koselig sommarkveld!!