mandag 6. oktober 2025

Velkommen til oktobermøte!

 I morgon tysdag 7.10 er det møtedag på Stokkenes Gjestegard, med vanleg møtetid som er 18.30-21.30.

Aktivitet på møtet denne gongen er å sy ei lita mappe som vi har kalla "Bestikkmappe". Ei anvendeleg mappe spm du kan lage fleire av og bruke til ulike formål. 


Gå inn på medlemssida vår og sjå kva Rigmor ha lagt ut om stoff og mål. Ho vil vise korleis du syr denne. Kutt gjerne opp stoff heime eller ta med for å gjere det på møtet. Ta med deg symaskin, kniv/linjal og to stoff i fargar/mønster du likar og vanleg tynn bordvatt. Håper at mange vil delta her, og har du ikkje høve til å ta med symaskina, så er det sikkert mulig å låne med nokon som har med seg!!


Bildet er frå FB-sida til Sybutikken Primula Design

Møtet vert elles med:

  • Litt info om kursa vi er inviterte til i Vågå om to veker.
  • Syhelga i november
  • Vis og fortel
  • Lotteri
  • Kaffipause
Matvertar Oktober: Ingebjørg Lillebotn Utnes(leder),Randi Rasussen og Aud Nygård Saltkjel.

Velkommen til alle, også nye som vil bli med oss!!

lørdag 4. oktober 2025

Lærerikt kurs med Mona Rosvold!

 Helga 19.-21. september hadde vi linjalkurset Posh Penelope med Mona Rosvold. 

Når ein går på kurs med slike erfarne kursholdarar som Mona, ja då får ein både i pose og sekk. Med eit profesjonelt kursopplegg som var tydeleg både i kompendie og i praksis, så klarer alle påmelde å mestre både kutting med linjalen og å sy fine buer. 

I tillegg fekk vi høve til å kjøpe/lage vårt eige designbrett på ein enkel måte, og Mona hadde med aktuelt utstyr for salg om vi kom til å mangle noko. Ho har svært god erfaring med symaskiner og utstyr, spesielt Pfaff, og kunne dele si erfaring med mange av oss. Så tusen takk til Mona for eit lærerikt kurs!

Litt bilder frå kurshelga, her er bilder av Mona sine modellar og våre blokker både under arbeid og som ferdig blokk. Nokre skulle sy løpar, andre puter. Bildet rett under her er ei samling av alle sine blokker.




Mona sine modellar der ho har brukt ulike linjalar. Denne rett under her er laga med same linjal som Posh Penelope.







Her er Stripologylinjalen brukt, dette var ikkje del av vårt kurs.



Sydd med Mini curve ruler








Mange flotte blokker vart laga denne helga, kjekt å sjå same blokk i ulike fargar!












 






Og sjølvsagt god mat på kursa våre!!!