søndag 11. januar 2026

Bilder frå januarmøtet!

 Det er alltid kjekt å starte på eit nytt år, vi treng inspirasjon og å planlegge nye "samkomer"!

Styret har planlagt syhelg i slutten av månaden, og vi er mange som no gler oss til den, meir info kjem seinare.

Vi startar også opp med blokklotteri som Haldis har teke ansvar for, her er bilder av blokkene som vi har fått måla på. Meir info finn du på medlemssida.




Her er bilda frå møtet, ikkje så mange, for mykje fine quiltar er nok gitt vekk som gåver til jul!!




















søndag 4. januar 2026

Velkommen til årets første møte!

Godt nytt år til alle, og vi startar opp quilteåret 2026 med å møtast tysdag 6. januar kl 18.30-21.30 på vår faste plass ; Stokkenes Gjestegard på Nordfjordeid!



Møteplan:

  • På årets første møte vert det Loppemarknad! Vi reknar med at de kanskje har fått rydda litt på syrommet i jula, og om de no har ting de vil bli av med, så ta det med på møtet! Her kan du ta med det som er relatert til hobbyen vår som td. stoff, tråd, mønster, diverse garn, utstyr mm. Du må merke tinga med pris og gjerne Vippsnr.
  • Informasjon frå styret om planer for møter og aktivitetar ut over vårhalvåret.
  • Blokklotteri: Haldis vil fortelje om ein enkel aktivitet som klubben skal ha ut over våren, ho viser modellar og forklarer korleis dette skal foregå. Info vert også lagt ut på medlemssida etter møtet.
  • Vis og fortel
  • Lotteri
  • Sybutikken Primula design dukkar kanskje opp med sin vesle "Pop-up-butikk"
  • Kaffipause
  • Om det er nokon nye som har lyst til å sjå kva vi gjer på møta våre, er det berre å komme! Eller til medlemmane våre: ta med deg ein syglad venn!
  • Velkomne til alle!