onsdag 4. april 2012

Påskehøne

Har du ikkje høne til påske, så har du sjansen til å lage deg ei no! I eit tidlegare innlegg linka eg til Red Brolly med mønster til påskehare, i dag dukka det opp eit flott mønster til ei Påskehøne. HER kjem du rett til innlegget med sybeskrivelse og PDF-filer med mønster som du kan laste ned gratis.

tirsdag 3. april 2012

Kalendaren viser no april!!

Her er bilde av kalenderblokka for april. Dette skal til slutt bli ein komplett kalendar som ein del av medlemmane er i gang med å sy. Det er kjekt å sy noko i lag, iallefall å bruke same mønsteret, og så ser ein kor likt eller ulikt det blir. Det er Randi Røys som har sydd desse blokkene som vi vil vise gjennom året. Takk til henne for all inspirasjon ho gjev oss!
Mønster, eller rettare sagt teikninga av motivet, vert sendt til medlemmane på epost.

mandag 2. april 2012

Påskestitchery


Snøen lavar ned på Vestlandet no, så det er kjanskje mange som treng noko koselig påskearbeid å pusle med inne. Bloggred. har nyleg vore på trimtur i snøveret, og det finst ikkje så mykje som eit spor etter påskeharar ute i skogen!!

Men her er råd for dette:
På sida til Red-Brolly dukka denne flotte påskeharen opp. HER er link til innlegget frå 21.mars, der er linkar til nedlasting av 2 PDF-filer med mønster og sybeskrivelse. Dette er ei nålepute og alt er gratis.
Det var på bloggen til Auntiesquaintquilt denne nåleputa først dukka opp, der stod linkar og bildet over her er frå bloggen hennar.

Vil ta med til slutt at det finst mange gratismønster på sida til Red-Brolly, HER er link til ei oversikt.

Besøk hos Quiltekroken del 1

Sist veke var bloggred. ein tur til Bergen, og då er eit besøk på Quiltekroken alltid obligatorisk med på shoppinglista. For dei som har teke hurtigbåten til Bergen, så veit dei at butikken ligg berre 100 m frå landgangen, og då kan ein ikkje unngå å gå inn.......
Det blir alltid litt snoping av stoff når ein er der, men det er alltid kjekt å stige inn i butikken og berre sjå og sjå og sjå! For det heng og ligg flotte modellar på kvar ein ledig plass, fint kombinert med mønster og stoff.

Denne gongen var det eit teppe som fanga merksemda mi spesielt. Det var kanskje ikkje heile teppet eg merka meg først, men måten det var quilta på. Heilt fantastisk flott og tett quilta, så eg måtte spørje Mona meir om dette. Ho fortalde at det var maskinquilta hos Sy.no, eit firma ho varmt anbefaler.
Sjølve teppet er ein BOM som heiter Cottage Charm, og ho har att berre ein pakke. Det rare er at då eg no laurdag var eit besøk hos Primula Design på Nordfjordeid, så hadde ho også akkurat denne BOM-pakken, og berre ein att der også. Så om det no er nokon som vert frista av dette flotte teppet, så finn de 2 på Vestlandet, ein i Bergen og ein på Nordfjordeid!
Eg spurde Mona om å få ta bilder, og som vanleg er ho positiv til dette. Kjekt for butikken at vi vil vise bilder syns ho, men veldig veldig kjekt å få lov å legge ut inspirerande bilder på bloggen. Så tusen takk til deg Mona om du kikkar innom!
Nyt denne fantastiske quiltinga!

Det har nok gått med mange meter quiltetråd til dette teppet!!
Det kjem fleire bilder frå butikkbesøket seinare.

søndag 1. april 2012

Vestlandstreff til hausten


Det er vår no, og tradisjonen tru, så kjem info om haustens Vestlandstreff på denne tida. Som de ser så er det Voss Quiltelag som er arrangør. HER kjem du inn på sida deira med meir info.

Fleischers hotell

Dette er kopiert frå infosida deira:
Vestlandstreff 2012
Voss quiltelag inviterer til Vestlandstreffet 5.-7. oktober 2012
Quilteinteresserte vert med dette inviterte til å delta på Vestlandstreffet 2012. Voss Quiltelag tilbyr 13 kurs (2-dagarskurs, dagskurs og ”drop-in”kurs).
Hjarteleg velkomen til Voss for ei triveleg og inspirerande syhelg.
Kursstad: Voss ungdomsskule, sentralt plassert i sentrum
Kurshotell: Fleischer’s hotell, tlf 56 52 05 00, Evangervn. 13, v/jernbanestasjonen
Fleischer’s hotell er vårt kurshotell, der me skal ha registrering, foredrag og quiltemiddagen.

lørdag 31. mars 2012

Påskemøte

Bildet over er av modellen vi sydde i Vikebukt. Den er laga av kvadrat.

Komande tysdag, 3.april vert det quiltemøte, midt i påskeveka!! Dette har vi ikkje prøvd før, så vi er litt spent på frammøtet, eller om mange er reist på påskeferie. Men styret valde å holde på møtedag første tysdag i månaden, og då vart det berre slik.

Temaet vårt er framleis BLOMST, denne gongen ein blomst i japansk bretteteknikk. Denne blomsten på bildet over lærte vi å lage av Magnhild Tautra då vi var på blåtur til Vikebukt i juni i fjor. No vil vi lære frå oss ein liknande, men litt enklare modell, til resten av medlemmane. Klubben har også kjøpt boka der både denne modellen på bildet og den vi skal lage, er vist, du får sjå den på møtet. Dei som var med på blåturen og har laga modellen som er avbilda, må ta den med på møtet så vi får sjå mange flotte variantar.

Anne Marie tek ansvar for å vise teknikken, og er du lur, så lagar du til litt på førehand heime. (men det er heilt ok å gjere det på møtet òg, då må du ta med symaskin!!)

Her er det du treng å gjere eller å ha med:

Sy to (2) stk. ferdige, doble sirklar som består av eine sida i mønsterfarga stoff og andre sida i ein kontrastfarge som passar til.

Sirklane skal ha radius 8cm og 11 cm.

Og som bloggred. har sagt før på møter, så er det nære band mellom matematikk og praktisk lappeteknikk! Ein flott måte å sjå nytten av dette faget!! Er du tvil om kva radius er, så sjå figuren under her. Radius er linja A-B, frå sentrum av sirkelen og ut til sirkellinja.Sy saman dei to og to like sirklane, vreng dei, og sy saman opninga. Stryk.

Ta med sysaker og ein knapp til å feste i midten.

søndag 25. mars 2012

Nye "hurtiglinjalar"!

Hos Primula Design får du no eit godt tilbod på linjalar fram til påske.
  • Alle kvadratiske linjalar er det 20 % rabatt på,
  • dei andre får du 10 % på.

Desse to bilda i innlegget viser korleis dei to nyaste linjalane kan brukast. Ved å sy stripesett er det fort gjort å få til perfekte blokker som passar akkurat i hop!! Desse trekantlinjalane (har ikkje det rette namnet) er på ein måte like, den eine lagar ei blokk med 4 delar (sjå øverste bilde), ein med 6 delar, den andre med 8 delar (sjå nederste bilde). Fint på kvar sin måte! HER kjem du rett inn på sida til Primula Design som omtalar desse linjalane, sjå òg innlegg av 20. mars (fann ikkje link rett til dette innlegget!!) gå inn på bloggen HER og rull ned til datoen.

lørdag 24. mars 2012

Hurtig 9-patch!

(bildet er frå sida til Annalenaland)

Red. kom over eit tips om korleis ein kan sy raske blokker med 9-patch. Det ser enkelt ut, men har ikkje prøvd ut dette enno. Det er på sida til Annalenaland du finn denne framgangsmåten. Nederst på sida er det òg ei oversikt over ulike størrelsar du kan lage på denne måten. Praktisk!

Klipp frå sida til Annalenaland:

For 3″ blocks, start with a 4-1/2″ square

For 4-1/2″ blocks, start with a 6″ square

For 6″ blocks, start with a 7-1/2″ square

For 9″ blocks, start with a 10-1/2″ square

For 12″ blocks, start with a 13-1/2″ square

søndag 18. mars 2012

Vårlig veske!

Denne helga er det årsmøte i Norsk Quilteforbund i Bergen. Akk sann, der skulle vi ha vore fleire av oss, for det er på slike plassar nye idear og trendar dukkar opp. Heldigvis er det òg mange bloggarar som truleg er der, så vi andre får sikkert sjå litt bilder ut i veka.

Men ein trend som underteikna ofte har sett i forkant av desse årsmøta, er at mange lagar seg ei ny veske til å bruke på årsmøtet. Ved litt surfing på utanlandske bloggar, så dukka denne vårlige veska med mønster opp på ein blogg. Link til mønstersida finn du her, bloggen Coton et Lavande er spansk, men det går greit å skjøne innholdet ved hjelp av oversettersystemet til Google. Men der er òg mange flotte bilder, så er ein litt erfaren, så held det kanskje med å sjå på bilda.
Kanskje syr du deg ei slik veske??

lørdag 17. mars 2012

Eit fantastisk sengeteppe!!!


På klubbmøtet i mars viste Anne Marie fram eit sengeteppe ho har sydd på over tid. Det måtte ta si tid, for mønsteret til dette kom som ein serie i My Quilt i alle blada som kom ut i 2011. Både underteikna og sikkert mange andre har sett dette mønsteret i blada, men ikkje reflektert noko spesielt over det. Men når ein så får sjå eit slikt ferdig produkt,........ja då skjønar ein at ein har gått "glipp" av noko!!! Det er noko heilt anna når ein får sjå kor flott det kan bli, og spesielt vert det iallefall når Anne Marie set i gang.
Dette er baksida, så fin at teppet er vendbart.

Her er det ikkje kjøpt inn stoff i metervis for å sy sengeteppe nei! Anne Marie bur i eit gammalt hus med stort loft,...dit går ho når ho skal finne materiale. Og dette teppet er ingen unnatak, for under "vis og fortel" fekk vi vite at den flotte kanten med vasar er nokre gamle gardiner. Det same er dei blomstra rutene på baksida, her er litt sengetøy, ein gammal damaskduk, litt klipt frå eit gammalt pyntehandkle, litt blonder som dukka opp, ja slik fortalde ho om nokre av stoffa og det ho hadde brukt. Og der var sikkert mykje meir å fortelje om. Snakk om å ta pusten frå oss som sit med ein haug med nyinnkjøpte stoff! Men det må leggjast til at der var også litt nye stoff innimellom, for å binde det heile saman, eit heilt nydelig arbeid med historie i!
Takk for at vi fekk historia di Anne Marie, og no er det den heldige son og svigerdattera hennar som får det i eige!
Desse to bilda er lånt frå sidene til My Quilt, det ferdige teppet vart gitt til Tv-aksjonen i haust. Flott tiltak! (det er same teppet, men med litt ulikt fargenyanse)

Tusen takk Anne Marie for at vi fekk sjå dette, no må vi nok til å leite fram blada våre,...eller låne med dei som har!
Til dei som ikkje har desse blada My Quilt frå 2011, så finst det enno enkeltnummer å få kjøpt i nettbutikken deira, HER kjem du rett inn på bestillingssida!