lørdag 7. april 2012

Bilder frå aprilmøtet

Mange av bilda i dette innlegget er av produkt som vart laga på kurset med Annaka no i mars; toalettvesker og små skrin.




Denne veska har Elna sydd etter mønster frå siste Myquilt. Den har ei innerveske som kan takast ut og flyttast over i andre vesker med same storleik.
Innerveska sett frå begge sider.

Eitt av skrina frå kurset med Annaka. Her har fotografen fanga opp innehaver av Primula Design i det vesle speilet inne i boksen!










Dette grå teppet er sydd etter The Twist i denne boka og det er brukt ein av dei nye linjalane som Primula Design vil demonstrere på maimøtet.








Dette skrinet passa akkurat til spoleholdaren!!



Sakseetui

Veske til pc.


Desse to løparane er sydd etter mønster designa av Randi Røys, du får det kjøpt hos Primula Design.





Krokusane på denne løparen er sydd etter papirmønster som vi hadde som tema på mars-møtet.
Dette teppet er sydd av Ingun frå Primula Design, ho har brukt ein av dei nye linjalane til å kutte opp blokkene. Denne og fleire linjalar vil ho demonstrere på maimøtet. Viser òg til bildet av teppet og boka "Strip smart quilts" lenger oppe i innlegget, der er ein annan linjal brukt.

fredag 6. april 2012

Blomsterorigami


Sun Rose

På siste klubbmøte var temaet også blomst (tema dette året), denne gongen var det origami i stoff. Origami er eigentleg papirbretting, men som vi ser så går det like fint med stabilt stoff. Vi har tidlegare laga "katedralvindu" i det som vi kallar japansk bretteteknikk, og vi reknar med at desse andre modellane også kjem frå Japan.

I eit tidlegare innlegg skreiv eg om at vi lærte å brette blomsten på bildet under her då vi var i Vikebukt i fjor. Denne blomsten heiter Fennel flower.
Fennell flower
Fennell flower brukt som dekor på toalettveske.
Anne Marie viste oss 2 modellar i denne teknikken, her viser ho Sun Rose.
Vi starta med ein sirkel med diameter ca 20 cm ferdig sydd, bretta inn ca 1,5 inch slik bilder viser her.

Bildet er frå boka som vi har kjøpt.

Deretter snudde vi det og bretta hjørna inn mot midten. Festa med nål og tråd i midten. Så enkelt og så fint!
Vi har kjøpt denne boka og den er berre å anbefale. Her er mange flotte modellar og mønster til ting du kan lage med blomster som dekor.

Her er blomsten brukt som applikasjon i ei blokk.
.....eller som her, 2 blomster dannar omslag til eit lite nålebrev!

torsdag 5. april 2012

Besøk hos Quiltekroken del 2

Her kjem resten av bilda frå besøket hos Quiltekroken i Bergen. Igjen vil bloggred. få takke Mona Bauge for at ho gav lov til å ta bilder. Mange av våre medlemmar i klubben har vore innom butikken hennar, og dei snakkar om den gode atmosfæren det er i denne butikken. Difor er det kjekt å få formidle desse bilda også til dei som ikkje har vore innom butikken enno.

Byen Bergen er kjend for alt regnet, men denne dagen var alle skyer borte, og det stråla av vår over alt. Så denne nydelige vesle applikerte paraplyen på bildet over, var den einaste eg såg denne dagen!
Quiltekroken ligg tett ved Strandkaien i Bergen, der alle hurtigbåtar legg til, så då er denne butikken første stopp for alle quiltarar som kjem med båt. Og rett over Vågen ser vi rett bort på den kjende Bryggen med hus tett i tett. Ein malerisk del av bybildet.

Quiltekroken skal snart ha kurs med Bente Malm, då er det denne syboksen ein får lage.