søndag 22. mars 2015

Kurs med Anne Beier Finnestad!

Ei kjempehelg er over, og kurs med Anne Beier Finnestad er berre ei oppleving! Her var det lite linjalar og rulleknivar å sjå, i staden var det meir bruk av saks, runde og frie former og tekstilmåling. Mange prøvde seg på dette kjende motivet hennar, men det vart ingen like då ein la på sitt personlege preg. Her vart det både blomsterenger, nokre hadde stakittgjerder, hagebenk, vedstabel, kråkeflokk i treet,.......

 Under her er utgangspunktet, litt sting på så endrar bildet seg! Inger Lise eig dette.


Litt andre variantar som vart laga på kurset...

 Signy A lagar eige design!




 Anne sin modell.

Anne sin modell.

Anne hadde med seg mange flotte modellar. Ho brukar både saum med stoppefoten, tekstiltrykk med ulike effektar, maling med pensel og påsydde perler og paljettar.











 Ho lærte oss bruken av tekstilmaling, måleteknikkar og viste korleis ho valde ut og la på fargar for å få best effekt. Ho anbefalte Panduros Palett, tekstilmaling for mørkt stoff som er den som dekkjer best.


 Solfrid syr gylne striper!
 Vi sydde striper i alle slags fargar,.......

 .....og bobler i alle storleikar. Her og der flaug det sommarfuglar!

 Over her er Anne Marie sin løpar, under er Eli sin løpar i knallfargar.

 Innimellom stoffboblene teikna vi på tomme bobler, desse fyllte vi med matchande måling!

 Marianns bobler!
 Først planlegging der ein legg på stripene, deretter stryke dei fast.
 Til slutt sydde vi 3!!!!! gongar rundt kvar bit,........ja det gjekk litt sytråd denne helga!

 Ingrid har valt friske fargar, skikkeleg sommar her med sommarfuglar! Under her er Elna sin løpar.
 Ein sjablong med sirklar laga fin effekt når ein måla over!

Sjå bildet under, her har Gitte brukt sølvtråd i sirklane!










 Elnas grøne striper.
 Nydelege fargar sett saman av Haldis!

 Laila B sydde sommarbobler!
 Bobler på ei kuvertbrikke, Eli er meister for denne!
Randi har trykt på bregner!
Anne Marie held på med sin løpar over her!

Eit svært vellukka kurs der det vart laga mange kunstverk, gled dykk til neste medlemsmøte og "Vis og fortel"!!

Takk til Anne for eit triveleg og lærerikt kurs!

onsdag 18. mars 2015

Velkommen til årsmøtehelg!!

Då ynskjer styret alle medlemmar velkomne til ei innhaldsrik årsmøtehelg!

I tillegg til årsmøtet som startar laurdag kl. 10.00 så har vi eit fullbooka helgakurs med Anne Beier Finnestad! OBS! OBS! Det startar fredag kl 18!

Minner medlemmane om at dei må skrive ut og ta med årsmøtepapira, dei ligg som vedlegg på epost de har fått tilsendt 6. mars!

Vi har i mange år hatt tradisjon med å ha både årsmøte og kurs same helga, dette for at dei som har lang reiseveg, skal få "både i pose og sekk"! Og det gjer dei og litt til vil vi tru, for i overgangen mellom det formelle årsmøtet laurdag og kursstarten, så diskar vi opp med eit smakfullt koldtbord!

Vi gleder oss veldig til kurset med Anne, dei som var i Florø på Vestlandstreff i haust, fekk sjå kor mykje fint som vart laga då. Vi skal få prøve både måling på stoff, applikasjon og bruk av stoppefoten. Kursleiar har med seg mange modellar, så vi kjem ikkje til å mangle inspirasjon!!



Sjå på alle desse fine arbeida hennar, er det rart vi gledar oss????




Alle bilda er lånt frå heimesida hennar, den finn du HER!


Velkommen til Nordfjord Anne, vi er klare med symaskiner og ein haug med stoff!!!

tirsdag 17. mars 2015

Hexagon toalettveske!

Det er kanskje på tide å planlegge kva du skal styre med i påskeferien? Og skal du på ei hytte utan straum, så er det ikkje vits å ha med seg symaskina som vi er så avhengige av.

Lappeteknikken starta lenge før symaskina vart til, og det vart gjort veldig fint arbeid med nål og tråd.

På denne YouTube videoen  kan du sjå korleis du syr denne flotte toalettveska av 23 hexagon. Alt er sydd for hand, alle kantar og glidelåset ser du korleis du syr. Ut frå det eg trur, så er denne videoen frå Thailand, men det merkar du ikkje. Videoen er som ein stumfilm med svak musikk til.
Her er ikkje noko mønster, og det ser ut til at firmaet som har laga denne videoen, også sel mønster. Under her ser du bilde av kva du treng av utstyr.

Det du må finne ut av sjølv, er storleiken på hexagon. Det kan sjå ut som sidene i hexagon er ca 1 inch. Du kan nok sy den i alle storleikar av hexagon, for forholdet blir det same. Lengda på glidelås må du finne ut av til slutt. Dette er noko som vi heilt sikkert får til ved å følge med på videoen, lykke til med nål og tråd!!

mandag 16. mars 2015

Bilder frå marsmøtet!

Eit vårleg teppe med applikasjon av Dresden Plate som var temaet denne kvelden. Sydd av Laila U P.

HER er malane som vart delt ut på møtet til Dresden Plate-mønster som modellen under her.

og HER ser du framgangsmåten.
 Teppe sydd av ein bunke "Layer cake".


Flotte nye stoff frå Lappestua-Eid.





 Veske sydd på kurs med Andrè Wallenborg.












Fleire vesker frå kurs med Andrè Wallenborg.



 Haldis har sydd "Sissas veske", mønsteret kan du kjøpe hos Lappelåven


Stort sengeteppe laga med Lemoyne Star-linjalen. Haldis er mester for dette.




 MC-teppe sydd av Inger Lise, kjempeflotte motivbilder!




 Løper med mønster frå Quiltemagasinet 6/14. Mørketidspastell av AnnaKa. 
Sydd av Inger Lise.