mandag 5. oktober 2015

Medlemsmøte!

Tida går fort og i morgon er det oktobermøte i klubben vår!

Vi møtest som vanleg på Stokkenes Gjestegard kl 18.30-21.30, og vi ser gjerne at dei er som ineresserte i quilting og lurer på kva som skjer i klubben vår, tek turen innom på møta våre. Det er gratis inngang, berre 10 kr i kaffipengar til kaffimat som ein tek med seg etter oppsett liste blant medlemmane! Kjenner du nokon som er interessert i quilting, invitèr med på eit møte i klubben!!

Denne gongen er det siste finpuss til Vestlandstreffet vi tek føre oss, møt opp om du har spørsmål eller noko som må avklarast. Ta med deg produkt til utstillinga som er GODT MERKA på baksida!!! Og har du gode oppheng som høyrer med til det du stiller ut, la det være med, men merk også dette godt.

Ingun frå Primula Design vil demonstrere stansemaskina Sizzix og ho har også med ulike malar til denne.

Til dei av medlemmane som skal delta på kurs:
Det kan være lurt å sjå over materiallistene du har fått tilsendt frå kursholdaren for å sjå om du manglar noko, dette kan du kanskje få kjøpt i morgon på møtet. Gjer gjerne avtale med Ingun ( Siv på Lappestua-Eid deltek truleg ikkje) om å ta med om du treng noko spesielt.

Ta med deg noko å sy på og husk noko til "Vis og fortel!!

lørdag 3. oktober 2015

Quilterally er i gang!

Det store "Quilterally" er i gang i Norge, og i Norden og kanskje endå fleire plassar! I dag laurdag og i morgon søndag 4.10 er det rallydagar! Om du googlar quilterally, så kan du også lese korleis dei gjer det i td. Danmark og Sverige.

Dette er eit arrangement der det er ekstra gode tilbod på mange quiltebutikkar, og det var kanskje meint at ein skal ta bilen og køyre frå butikk til butikk for å handle. Mange må nok ha rallyfart for å nå fram til næraste quiltebutikk på ein dag, men i vårt område er vi så heldige å ha med ein av våre to "nær-butikkar": Primula Design!

Quilterally har eiga Facebookside og eiga nettside. På nettsida finn du ei oversikt over alle quiltebutikkar i Norge som deltek denne helga.


Primula Design har allereie avvikla ei "rallydag" med gode tilbod og rabattar på alle quilterelaterte varer i butikken! I morgon søndag er butikken open kl 10-16 med minst like gode tilbod.

 Mange fristande nye stoff på hylla, og med ferdige modellar, så fristar det endå meir!

Underteikna kunne ikkje motstå desse flotte stoffa, og på kjøpet vart det jammen ein rabatt som varer ut heile 2015!!



I morgon vil du kunne bruke denne stansemaskina og stanse ut gratis figurar som du ser her. Stryk på vlisofix på eit stoff heime, ta med deg til butikken og lag deg fine figurar til å applikere på noko. GRATIS!!!

Ingun og Synnøve på Primula Design ønsker alle velkommen inn til eit rallybesøk 
i morgon søndag 4.10 kl 10-16!!

lørdag 26. september 2015

Bilder frå septembermøtet!

Laila U P har sydd dette nydelige teppet i teknikken "Disappearing ninepatch" av nydelige stoff som er kjøpte på Island!





 Aud L. har produsert mange flotte vesker!







 Mange flotte toalettvesker er klare til lotteriet på Vestlandstreffet!





 Gitte gjekk på kurset vårt i vår med Anne B Finnestad og har produsert fleire meter med flotte løparar!


 Gitte er mester for desse også! Det same treet er utgangspunktet, men det blir ulike uttrykk!






 Flotte modellar frå Lappestua-Eid!


fredag 28. august 2015

Sesongstart!

Det er få dagar att av august, og allereie 1. september startar vi opp att med medlemsmøte på Stokkenes Gjestegard kl 18.30-21.30!

Vi ynskjer gamle og nye medlemmer velkomne til ein triveleg kveld med:

  • Mykje inspirasjon 
  • To quiltebutikkar  med stoff og utstyr tilstades!! (Primula Design og Lappestua-Eid)
  • Vis og fortel
  • Vi kosar oss med syarbeid
  • ....og vi har ein GOD pause med kaker og kaffi/te!
  • Demonstrasjon av sirkelapparat frå både Bernina og Janome
  • Info om Vestlandstreff som no nærmar seg!
Dette bildet er lånt frå bloggen Teaginnydesigns

Både Ingun og Siv har sirkelapparat til symaskinene dei sel, og no vil dei vise oss kva moglegheiter det er med dette tilleggutstyret. 

Desse to bilda over viser sirklar sydd med Bernina symaskin, Janome har truleg same moglegheiter. Det får vi sjå på møtet!!


Bildet over her og det øverste viser kor fint det blir når ein quiltar i sirkel. Her er det kanskje brukt berre bredda på labben mellom og sydd i sirkel, men no håpar vi på å få gode tips frå begge butikkane våre!

Vel møtt til eit lærerikt møte, og er det nye som har lyst til å være med i den kreative klubben vår, så er det berre å møte opp!!

søndag 9. august 2015

"Stoffboks"

På bloggen til svenske Syfrøjd er det lagt ut bilde av denne fine "stoffboksen" eller "tygburk" som ho kallar den. Den er brukandes til litt av kvart, her er den brukt til stoffoppbevaring.


Mønster til denne finn du gratis på bloggen Seaside  Stitches
Du treng to kvadratiske stoff som er mellom 8 og 12 inch pluss vatt i same storleik.



Pinterest har Seaside stitches lagt ut bilder av mange slike boksar som andre har laga. Her kjem du til sida!