tirsdag 23. oktober 2018

Velkommen til kurs!

Berre to dagar er att til JULETRE-kurset! Kurset er 25. okt kl 18-21!

Vi har nesten fullt kurs, men om det er nokon som vil være med no i siste liten, så ta kontakt med Ingun!!

Dei fleste har nok ei aning om kva ein bør ha med seg, men her er ei lita sjekkliste! Du bør ha med deg litt papir (stivt er best men alt går) til å tegne av mønsteret, største stjerne er 27 x 27 cm. 6 deler i alt.

Symaskin: Det er ikkje så mange saumar, så de kan gjerne være fleire om samme symaskin, så avtal med kvarandre.


Materialliste:
·        6 ulike stoff,  2 kvadrat på 5,6,8,9,10 og 12 inch kvar.

·        Symaskin, papirsaks, stoffsaks, blyant, sytråd, synål, tynn kartong/stivt papir til å lage maler av, syntetvatt, pynt til spissane ( 6 høgder med 5 spissar= 30 stk pynt: perler, knapper,sløyfer mm), noko til å montere treet i ( ei potte med oasis eller noko anna du vil bruke), limpistol? Pinne til å træ gjennom delane, pynt til toppen. (Primula Design får truleg tak i pinner med stjerner).

Husk å ta med deg "niste" om du treng det, du får kaffi/te på kurset!
Velkommen til kurset kl 18-21!!

lørdag 20. oktober 2018

Bilder frå Vestlandstreffet!

Medlem Janne var på Vestlandstreffet forrige helg og har sendt oss mange bilder frå både kurs , utstilling og frå foredrag,  Tusen takk for at ho deler litt av opplevinga derifrå, og som alltid så er slike treff til stor inspirasjon!


Vestlandstreffet har vore eit årleg treff (med få unntak) i over 20 år der quiltarar har samlast til kurs, butikksalg, utstillingar og foredrag. I år var treffet arrangert av Egersund og Jæren quiltelag, og det viser seg at det er ingen som har teke på seg å arrangere verken neste år eller seinare. Opp gjennom åra har vi hatt arrangørar over heile Vestlandet, heilt frå Molde i nord og til Jæren i sør i år.

Det er oppretta ei lukka gruppe på Facebook der alle leiarar i laga på Vestlandet er med, ildsjelene Åsta Martine Helena Desire Øvretveit og Mona Bauge er med, repr frå arrangøren i år og Berit Boye frå Norsk Quilteforbund. Alle desse prøver å påvirke lag på Vestlandet til å arrangere treff i åra framover. Kor stort og korleis ein i framtida skal arrangere, er truleg noko som kvar arrangør må få lov å bestemme. Det skal jobbast litt med vedtektene slik at der ikkje er noko som hindrar lag i å arrangere, heller slik at ein blir freista til å ha eit slikt arrangement!

Tida vil vise om det blir noko, her kan du kose deg med Janne sine bilder, fleire bilder finn du på arrangøren si Facebookside (link lenger oppe).

 Her hadde dei god mat på hotellet ser det ut til!!





























 Sjå på denne nydelige quiltinga!!!














tirsdag 16. oktober 2018

Juletrekurs!!


Kveldskurs!!

Vi inviterer til eit koselig kveldskurs torsdag 25.10 kl 18-21. 

Det er eit JULETRE-kurs!

Kursholder er Gitte og ho har tidlegare vist fram mange flotte juletre på klubbmøtet i oktober.



Vi har denne gongen valt å ha eit OPE kurs, dvs at du treng ikkje være medlem for å bli med. Men vi har begrensa med plassar, og har no ca 10 ledige plassar, så då blir det førstemann til mølla!
  • Kurset kostar kr 100 som inkluderer mønster og beskrivelse.
  • Du må ha med deg stoff/sysaker, påmelde får tilsendt materialliste.
  • Inkludert i prisen er kaffi/te. Kvar tek med noko å "bite i" til seg sjølv.
  • Påmelding til kurset i butikken til Ingun i Primula Design eller på mobil 99482474.


Vi trur at dette kjem til å bli ein koselig kveld, nesten som eit juleverksted, og her kan du få lage ferdig julegåver om du vil!!

Då sjåast vi kanskje!!


søndag 7. oktober 2018

Orden på symaskinnålene!

Kom over ei flott oversikt over bruk av ulike symaskinnåler!



På bloggen til Mediakaos/Tone Iren er der lagt ut ei flott oversikt med omtale av utsjånad av nåla og kva stoff den skal brukast på for å få eit flott resultat.


Takk til henne for denne flotte sida!!