søndag 12. juni 2022

Bildeserie 2 frå Regionstreff i Eid kyrkje2.4 på Nordfjordeid.

Vi hadde stor utstilling i Eid Kyrkje, nærare 200 quiltar var utstilte på kyrkjebenkane og på galleriet.

Foredrag ved Eldrid Røyset Førde om Kyrkjetekstilar. Dette førte oss inn i historia om ulike tekstilar som er brukt i kyrkja, symbolikken og om utsmykkingsoppdrag som Eldrid har hatt i fleire kyrkjer i området.








































































































































Bildeserie 1 frå Regionstreffet 2.4!

 Her kjem bilder frå Kyrkjetunet, her var det butikkar og flotte gevinstar  utstilt til lotteriet!



































mandag 6. juni 2022

Junimøte!

 Det er blitt juni og sommar og i morgon tysdag 7.6 kl 18.30-21.30  inviterer vi til eit koselig klubbmøte.

Vi legg opp til litt gode tips denne gongen, Solfrid vil vise oss ein enkel måte å sy "Flygande gjess". Du treng symaskin , så vi håper at mange vil delta i aktiviteten. Avtal gjerne med andre om å dele maskin om du ikkje vil sy heile kvelden då!!

Her er det du treng av stoff: 

1 stk kvadrat 12x12 cm og 4 stk kvadrat 7x7 cm i ein kontrastfarge til det store kvadratet. Dette er nok til å bli 4 like flygande gjess.



Vi skal også kose oss med god mat, styret ordner med spekemat og salater, og matvertane syter for noko godt til kaffipausen.

Vis og fortel vert rett etter kaffipausen og vi håper at Primula Design fristar oss med rikelig med stoff til sommarsying!

Velkomne!