tirsdag 7. april 2015

Toalettveske!

Denne toalettveska er ekstra dekorativ med folder på sidene.


Mønsteret til denne dukka nyleg opp på ei Facebookside der det låg link, HER finn du den med framgangsmåte steg for steg med mange bilder.
Det er norske Siv Jane Aksdal som har lagt ut mønsteret, men alt er skrive på engelsk. Dette er ein liten sminkepung, i bakgrunnen på bildet under her, ser du ei større toalettveske.

Denne er det ikkje mønster til, men framgangsmåten er om lag den same til den. HER kan du laste ned mønsteret til den vesle sminkepungen gratis! Takk til Siv Jane som har laga mønsteret og delt det med oss!

Velkommen til aprilmøte!

Velkommen til møte på Stokkenes Gjestegard i dag kl 18.30-21.30!

Ta med deg ei god papirsaks til dagens "aktivitet"!

Og så reknar vi med at det vert mykje fint å sjå under "Vis og fortel"! Ta med , ta med!


søndag 22. mars 2015

Kurs med Anne Beier Finnestad!

Ei kjempehelg er over, og kurs med Anne Beier Finnestad er berre ei oppleving! Her var det lite linjalar og rulleknivar å sjå, i staden var det meir bruk av saks, runde og frie former og tekstilmåling. Mange prøvde seg på dette kjende motivet hennar, men det vart ingen like då ein la på sitt personlege preg. Her vart det både blomsterenger, nokre hadde stakittgjerder, hagebenk, vedstabel, kråkeflokk i treet,.......

 Under her er utgangspunktet, litt sting på så endrar bildet seg! Inger Lise eig dette.


Litt andre variantar som vart laga på kurset...

 Signy A lagar eige design!




 Anne sin modell.

Anne sin modell.

Anne hadde med seg mange flotte modellar. Ho brukar både saum med stoppefoten, tekstiltrykk med ulike effektar, maling med pensel og påsydde perler og paljettar.











 Ho lærte oss bruken av tekstilmaling, måleteknikkar og viste korleis ho valde ut og la på fargar for å få best effekt. Ho anbefalte Panduros Palett, tekstilmaling for mørkt stoff som er den som dekkjer best.


 Solfrid syr gylne striper!
 Vi sydde striper i alle slags fargar,.......

 .....og bobler i alle storleikar. Her og der flaug det sommarfuglar!

 Over her er Anne Marie sin løpar, under er Eli sin løpar i knallfargar.

 Innimellom stoffboblene teikna vi på tomme bobler, desse fyllte vi med matchande måling!

 Marianns bobler!
 Først planlegging der ein legg på stripene, deretter stryke dei fast.
 Til slutt sydde vi 3!!!!! gongar rundt kvar bit,........ja det gjekk litt sytråd denne helga!

 Ingrid har valt friske fargar, skikkeleg sommar her med sommarfuglar! Under her er Elna sin løpar.
 Ein sjablong med sirklar laga fin effekt når ein måla over!

Sjå bildet under, her har Gitte brukt sølvtråd i sirklane!










 Elnas grøne striper.
 Nydelege fargar sett saman av Haldis!

 Laila B sydde sommarbobler!
 Bobler på ei kuvertbrikke, Eli er meister for denne!
Randi har trykt på bregner!
Anne Marie held på med sin løpar over her!

Eit svært vellukka kurs der det vart laga mange kunstverk, gled dykk til neste medlemsmøte og "Vis og fortel"!!

Takk til Anne for eit triveleg og lærerikt kurs!